På årsmøtet den 27. januar vart det fremma eit forslag om å gå imot forslaget om endringar i reglane for åpningstider på sundager. Årsmøtet var godt besøkt, og det var fleire som hadde sterke meiningar om saka. Alle som uttalte seg var mot å endre dagens ordning, men argumenta som vart nytta var ulike. Sosialt ansvar, omsyn til miljø, fordyrande for forbrukaren, ikkje behov for endring var blant dei tinga som vart nemnd i ein kort, men engasjert diskusjon rundt saka. Årsmøtet vart einige om følgjande resolusjon, som vart einstemmig vedtatt:
Bø Venstre ynskjer å vidareføre dagens reglar for åpningstider og går imot det nye forslaget om søndagsopne butikkar.