Ja til regulering av bybane til Fyllingsdalen

— Det er viktig for fylkeskommunen at bygginga av Bybanen held fram utan opphald, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes etter at fylkesutvalet i Hordaland seier ja til regulering av bybane til Fyllingsdalen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Bergen kommune har sendt kommunedelplan og reguleringsplanen for Bybanen sentrum — Fyllingsdalen på høyring.

Bybane

Foto: Anja Berggård Endresen

— Som utførande utbyggar er vi opptekne av å halde på den unike kompetansen som er bygd opp gjennom dei tre første byggestega, men det viktigaste er at vi er med på å utvikle Bergen vidare til beste for alle bergenserar, seier fylkesvaraordføraren.

I ei fråsegn til planen seier fylkesutvalet at planprogrammet er godt grunnlag for vidare utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen.

— Bybanen har vorte ei viktig del av bergensarane sin identitet. Det er hyggeleg å gje ei positiv fråsegn til Bergen om planarbeidet med bybane til Fyllingsdalen. Vi gler oss til endeleg reguleringsplan ligg føre, og vi kan ta over og byggje det bystyret i Bergen har funne er den beste løysinga for kommunen, seier fylkesvaraordførar Mona Hellesnes.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**