Årsmøte for Sogndal Venstre 2015

Stad: Hafslo vidaregåande skule
Tid: 19. januar kl. 19.00
Frammøtte: 6 medlem

Møtet starta felles med Luster Venstre. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn orienterte om store og små saker på regionalt og nasjonalt plan. Mange fekk høve til å stille spørsmål, og tema strekte seg frå søndagsopne butikkar til høve rundt ev samanslåing av høgskulen.
Luster arbeidstreningssenter hadde laga gode rundstykke og kake.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Årsmøtereferat

1.
a) Merknad til innkallinga: Ingen merknadar
b) Merknad til sakslista: Ingen merknadar
c) Val av møteleiar: Forslag om Hans Haugen. Samrøystes vedteke
d) Val av referent: Forslag om Maria Knagenhjelm. Samrøystes vedteke
e) Val av to medlem til å underskrive møteboka: Forslag om Ida Ulvik og Jo Marius Bøyum. Samrøystes vedteke

2.
Årsmelding med rapport frå gruppeleiar
Rapporten frå gruppeleiar Eva Ramstad vart delt ut til alle frammøtte. Årsmeldinga vart summert opp og godkjent utan merknadar.

3.
Rekneskap
Rekneskapet til Sogndal Venstre vart godkjent av årsmøtet, med atterhald om revisorane si godkjenning (som ikkje var komme styret i hende før årsmøtet).

4.
Vedtekter
På årsmøtet 2014 vart det vedteke at styret skulle gå igjennom vedtektene sine. Styret la fram Venstre sine lokallagsvedtekter (standardvedtektene) som forslag, og leiar Hans Haugen leste dei opp for årsmøtet. Vedtektene var på bokmål, og årsmøtet vedtok dei samrøystes, på vilkår at dei vert oversett til nynorsk. Nestleiar tek kontakt med Venstre sentralt for dette.

5.
Kontingent
Årsmøtet vedtok at medlemskontingenten for 2014 for Sogndal Venstre sine medlem skal vere kr 340,- for 2015. Dette er ei auke på kr 40,- frå i fjor.

6.
Val
Disse vart samrøystes valt av årsmøtet til å inneha verv i Sogndal Venstre:

Styret: Hans I Haugen (leiar)
Maria C. Knagenhjelm (nestleiar)
Eva Ramstad
Louis Anda Økonomiansvarleg
Else Mundal
Vara til styret: Ingun Torstad Løvik
Jo Marius Bøyum
Torbjørn Dale

Valnemnd: Bjørg Rimeslåtten
Halvor Gregusson

Revisorar: Nils Tore Opheim
Jon Farestveit

Utsendingar til fylkesårsmøte i Gloppen: Eva Ramstad, Else Mundal og Bjarte Haugen, med Hans Haugen som vara.

8.
Politiske fråsegner
Årsmøtet diskuterte om styret kunne ha skreve ei fråsegn om saka gjeldande ev samanslåing av HiSF med andre institusjonar.

9.
VO-utval
Framlegg om at styret fungerer som VO-utval. Samrøystes vedteke.

10.
Kommune- og fylkestingsval 14. september 2015
Neste møte i Sogndal Venstre er den 10. februar kl. 19.00 på kantina i kommunehuset. Då blir nominasjonslista og program vedteke. Det er viktig at mange møter opp der.

PS: hugs å betale kontingenten din!

Gaupne, 25.01.15
Maria Knagenhjelm, ref.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**