Hervik stilte spørsmål i kommunestyret om Telenor-kritikk

Telenor har sendt eit brev til Samferdselsdepartementet der dei kritiserer ei rekkje kommunar, deriblant Radøy, for å lage problem for utbygging av fiberbasert breiband og mobildekning. Frode Hervik, Venstre sin gruppeleiar, ville vete korleis kritikken frå Telenor vert vurdert og om retningslinene for graving er for strenge og pålegg utbyggjarar urimeleg høge kostnadar?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**


Heile spørsmålet:

Telenor har sendt eit sitt brev til Samferdselsdepartementet, datert 17.12.14, der dei tek opp problematiske tilhøve knytt til utbygging av mbildekning og breiband i ei rekkje kommunar. Mellom kommunane på deira liste er også Radøy, i same kategori som 10 andre vestlandskommunar. I følgje Telenor er problemet med Radøy og dei ti andre at desse kommunane «har felles instruks med krav som går utover både veglova § 32 og ledningsforskriften § 16. Føresetnader for å ha liggande leidnings- og kabelanlegg i offentleg veg- og gategrunn Løyvet frå kommunen er gitt mellombels. Leidnings- og kabeleigar er plikta til, for eiga rekning, å foreta dei nødvendige endringar med leidnings- eller kabelanlegget — eventuelt fjerne det — dersom kommunen seinare måtte finne det nødvendig. Dette går utover veglovens § 32. Det kreves også at det skal ekstra trekkerør (til bruk for andre), uten at det blir tatt stilling til hvem som skal bekoste og dokumentere disse. Vi mener dette strider med ledningsforskriften § 16, der det heter at «Vegmyndigheten skal eie trekkrørene og bære kostnadene for trekkrørene». Dette i følgje Telenor sitt brev.

Saka er omtala i fleire medier som Dagens Næringsliv og Kommunal Rapport, og vekte også diskusjon på den lokale Facebook-gruppa Kreativt forum. Ordførar Jon Askeland svara der 21.01.15 følgjande: «Ein del kommunar i Hordaland arbeider med ein ny “vegnorm”, Radøy er ein av kommunane i dette samarbeidet. Telenor opplever denne til å vera veldig streng. Eg reknar med at signala frå Telenor vert tatt omsyn til i det vidare arbeidet. Det er elles kjekt å melda at BKK/ALtibox har gitt Radøy ros for at søknader og og spørsmål om graveløyve har vore raskt og positivt handsama. Så Telenor sitt “bekymringsbrev” er sendt på grunnlag av framlegg til krav, og ikkje korleis praksis er.»

I følgje Telenor har dei 11 kommunane felles norm, og for fleire av dei andre kommunane Radøy er nemnd i lag med ser det ut til at Felles retningsliner for graving i offentleg veg og gategrunn vart gjeldande frå januar 2014. Dette ser såleis ut til å byggje opp om Telenor si forståing om ein allereie gjeldande praksis. I følgje ordføraren pågår det derimot arbeider med ei felles norm. Såleis ser det ut til å vere uklårt kva som er rett i dette tilfelle, og det er dermed behov for ei avklaring.

Spørsmålet vert då todelt:
Første del: Er arbeidet med Felles retningsliner for graving i offentleg veg og gategrunn eit arbeid som pågår eller eit arbeid som er avslutta? Andre del: Korleis vert stemplinga til Telenor vurdert. Er retningslinene for graving for strenge og pålegg utbyggjarar urimeleg høge kostnadar eller vert praksis vurdert som tilfredsstillande?

Ordførar Jon Askeland svara at Radøy kommune berre er med på vegnormdelen og ikkje gravedel, og at arbeidet endå ikkje er avslutta. Han viste vidare til at Telenor sin kritikk mot Radøy kommune vert oppfatta som urimeleg, og på feil grunnlag. Både Askeland og Hervik understreka i ordskiftet at det er viktig å følgje opp problemstillingane Telenor peikar på, både i kommune-Noreg og av nasjonale styresmakter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**