I kommunen vår har me gode, flotte naturområder. Perler som har vore til glede i generasjonar, blitt gjort tilgjengeleg for folk og nyttast i ein hektisk kvardag for å kome seg vekk frå mas og kjas.
Områder med stor glede for innbyggjarane i kommunen vår. Områder som Kvednaneset, Landåsen og andre vert sett på som hindringar i vegen for framskrittet.
I Venstre meinar me at det er ein eigenverdi å ivareta gode lokale friluftsområder, og å utvikla og gjera nye tilgjengelege. At alle skal ha eit tilbod nært seg kor ein kan koma til sjø, skog og fjell for enkle turar og hyggelege dagar.
Difor meinar Venstre at:
• Ein bør ha som mål at ingen skal bu lengre enn 500 meter vekke frå eit friluftsområde.
• kommunen bør bidra til å finansiera kart, slik at det er eit komplett kartverk for spesielt friluftsliv og opplevingar i kommunen. Også til nytte for turistføremål.
• ein skal verna Landåsen frå store inngrep i tilknyting til utbetring av E39 Heiane-Nordre Tveita
• permanent ferjeleie i Stord-Kvinnherad vert lagt i tilknyting sørleg kryssing av Langenuen, og ikkje ved Kvednaneset.
.
.
.
.
.