Meir friluftsliv inn i barnehagen

I år feirar me friluftslivets år, og i komite for oppvekst og utdanning tysdag diskuterte ein barnehageplanen. Geir Angeltveit foreslo på vegne av koalisjonen at ein ønskja å få inn meir friluftsliv for borna, og fekk full støtte til det.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


I kommunedelplan barnehage var friluftsliv ikkje satt på dagsorden, trass i at ein veit mykje om kva det betyr at born får utfolda seg i friluft når dei er små. For læring av mange slag og for motorikk. Det må leggast til rette for meir fri leik utandørs, der ikkje alt er organisert heile vegen.

Forskning frå Høgskulen i Telemark visar også tydeleg igjen den svært positive effekten av friluftsaktivitetar for born.

Barn i skog

Foto: chroniclelive

«Ei rekke undersøkingar om born og naturopplevingar konkluderar med at naturmøte er av meget stor verdi for born og ugen utvikling. Dei positive efektane synast å vera altomfattande: kroppsleg/sanseleg, helsemessig, sosialt, når det gjelder utvikling av kjensle- og fantasiliv, oppleving av tilhøyrsle, personleg identitet og konsetrasjonsevne«.
Høgskulen i Telemark – rapport..

I Stord kommune har ein Vilvettene somdei einaste «reine» friluftsbarnehagen på Stord, og dei seier at ein aldri har problem med å fylla plassane. Der nyttar dei nærmiljøet, men reisar også rundt og tar andre naturområdet i bruk. Også på vatn. Sagvåg Maritime Barnehage har ein eigen båt som dei nyttar, set garn og teiner.

Når me ser kor stor glede borna har av dette, og kor positive effektar dette har for bornas generelle velvære så er det openbart for oss i Stord Venstre at eit større fokus på friluftsliv er ei positiv utvikling.

Forslaget frå Angeltveit som fekk full støtte var som følgjer:
«Kommunestyret ber om at det vert sett meir fokus på friluftsliv og uteaktivitetar for born i barnehagane på Stord. Dette gjeld både eksisterande barnehagar og framtidige barnehagar.»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**