Programnemnda til Sauda Venstre har i år bestått av Eirik Tangeraas Lygre, Kirsten Hellerdal Fosstveit og Nils Hoftun.
Utkastet til politisk program finn du her.
— Eg meiner me har fått inn veldig mange nye, gode saker. Dette er eit program for framtida som tar klimautfordringane på alvor og som vil møta utfordringane stadige kutt i skuleverket medfører, seier Kirsten Hellerdal Fosstveit, nyvald toppkandidat for Sauda Venstre.
Programprosessen er slik at ei programnemnd har ansvar for å laga eit førsteutkast. Deretter skal medlemer og eventuelle organisasjonar få koma med sine innspel for å gjera utkastet betre. Basert på desse skal programnemnda utforma eit andreutkast. Andreutkastet går til ein ny runde blant medlemer og næringsliv, og innspela som kjem til andreutkastet blir handsama på eit programmøte, som alle medlemene i Sauda Venstre blir invitert til. Her blir det endelege programmet for Sauda Venstre 2015-2019 vedtatt.
Har du innspel til førsteutkastet? Fyll ut dette skjemaet.