Innkalling til års- og nominasjonsmøte 21/1

Årsmøte og nominasjonsmøte for Voss Venstre er rett om hjørnet, nemleg onsdag 21. jan. kl. 19.30
i Næringshagen sine lokale/brakkeriggen Tvildemoen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Så langt er årsmøtet berre sett opp med vanlege saker; årsmelding, rekneskap og val. Dersom du som medlem har forslag til særskilde saker, ta kontakt med ein av oss seinast måndag 19. jan..

Vallista for kommunevalet til hausten er andre hovudsaka denne kvelden.

Prioritering av Venstresaker framover blir også ein viktig diskusjon! Truleg vil møtet vedta fråsegn om lokale saker, og framlegg til fråsegn frå fylkesårsmøtet i Norheimsund 7.-8. febr..
Har du framlegg til tema for fråsegner, ta kontakt snarast!

Alle de som er medlemmer eller interesserte er velkomne — men berre medlemmer har røysterett i årsmøtesakene og i nominasjonsmøtet.

Vel møtt!

Mvh.

Torstein Gunnarson og Knut Olav Nestås
tlf.:91171590/41206132

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**