Venstre søkjer valkampsekretariat

Venstre sitt noverande sekretariat i Bergen og Hordaland er sett saman av fylkessekretæren samt høvesvis ein og to tilsette i fylkestingsgruppa og bystyregruppa i Bergen. I samband med valet utvider vi no med tre nye stillingar. Vi treng óg ein intern fotograf til fylkesårsmøtet i februar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Dei tre valkampstillingane har same vilkår. For søknad eller spørsmål om stillinga som politisk valkampsekretær, kontakt Elizabeth Toft Erichsen på e-post elizabeth.erichsen@venstre eller telefon 473 38 178. For søknad eller spørsmål om
stillinga som organisatorisk valkampsekretær for Hordaland Venstre og/eller rolla som fotograf på fylkesårsmøtet, kontakt Gro Gjelsvik på e-post [email protected] eller telefon 55 55 30 60. For søknad eller spørsmål om stillinga som organisatorisk valkampsekretær for Bergen Venstre, kontakt Tallak Rundholt på e-post [email protected] eller telefon 482 33 775.

Søknadsfrist, gjeld alle tre stillingane: 16. februar.

Politisk valkampsekretær
Hordaland Venstre søkjar ein politisk valkampsekretær i tilknyting til valkampen 2015.
I perioden 7. april-31. juli vil ein vera tilsett i 40%, og 1. august-14. september i 100%.

Valkampsekretæren vert tilsett av Hordaland Venstre si fylkestingsgruppe og vil arbeide med dei øvste kandidatane til fylkestingsvalet.

Sekretæren vil jobba med å få kandidatane i media, gjennom pressemeldingar, utspel og lesarbrev.
Med kandidatane på reise i fylket vil det være særs viktig at dei er godt kjent med kva nyhende som er aktuelle, og kva utspel dei har på trykk.

Valkamp er hektisk, få dagar vil vere like og ein må vere klar for lange dagar på kontoret. Oversikt over mediebiletet vil vere ei av hovudoppgåvene.

Søkjaren må ha gode evner til munnleg og skriftleg framstilling på begge målformer, kunne jobba sjølvstendig og samarbeide godt i eit team.

Politisk valkampsekretær vil ha ein fordel av å dela Venstre sitt politiske grunnsyn og bør skaffa seg inngåande kjennskap til Hordaland Venstre sitt fylkestingsprogram.

Søknad og CV sendast til Hordaland Venstre, St. Jakobsplass 9, 5008 Bergen
eller på e-post til [email protected]

Organisatorisk valkampsekretær
Hordaland Venstre søkjer organisatorisk valkampsekretær i tilknyting til valkampen i 2015. I perioden 7. april – 30. juni vil ein vera tilsett i 40% stilling – i perioden 1. august – 14. september i 100%. Truleg ikkje engasjement i juli.

Sekretæren vil inngå i eit større valkampsekretariat med eit særskild ansvar for den praktiske avviklinga av fylkesvalkampen og hjelp til lokallaga i lokalvalkampen.

Stillinga inneber førebuande arbeid frå april til sumaren, og praktisk gjennomføring og førefallande arbeid i den korte valkampen i august og september.

Søkjaren bør ha erfaring med valkamp, kunne arbeida både med stor sjølvstende og i team og vera initiativrik. Søkjaren vil ha ein fordel av å dela Venstre sitt politiske grunnsyn.

Valkamp er hektisk; få dagar vil vera like, men ein må vera klar for lange dagar på kontoret. Noko reiseaktivitet forventast.

Det er naudsynt at søkjaren kan nytta begge målformer.

Viktige arbeidsoppgåver:
Mobilisera organisasjonen
Rekruttera og organisera frivillige
Hjelpa lokallaga med organisatoriske utfordringar
Hjelpa lokallaga med brosjyreproduksjon (web2publishing)
Gjennomføring av kampanjar og aksjonar
Dagleg gjennomføring av valkampen

Nærare informasjon om arbeidsoppgåver vil ein få på førespurnad.

Arbeidsstad: Kontoret til Hordaland Venstre, Bergen sentrum

Søknad og CV sendast til: Hordaland Venstre, St. Jakobs plass 9, 5008 Bergen eller på e-post til [email protected] eller [email protected]

Organisatorisk valkampsekretær for Bergen Venstre
Bergen Venstre har ledig ei stilling som valkampsekretær med start 7. april. I perioden 7. april – 31. juli vil ein vere tilsett i 40 %, og 1. august – 14. september i 100 %.

Valkampsekretæren vil ha det organisatoriske ansvaret for Venstre sin kommunevalkamp i Bergen. Den tilsette vil fungere som sekretær for det organisatoriske arbeidsutvalet i valkamputvalet og ha ansvar for mellom anna organisering av valbod, husbesøk, stands, aksjonar osb. Valkampsekretæren vil jobbe tett med dei andre tilsette og med Venstre sine kandidatar.

Det er ein føresetnad at den tilsette har stor arbeidskapasitet og ein fleksibel kvardag. God kjennskap til Venstre sin politikk og røynsle frå Venstre sin organisasjon er ein fordel.

Spørsmål og søknad sendast til [email protected]

I tillegg treng vi snarast:

Fotograf til fylkesårsmøtet
Hordaland Venstre søkjer ein dyktig intern fotograf til vårt fylkesårsmøte 7. og 8. februar i Norheimsund. Fotografen vil ha ansvar for å ta bilete av Venstres politikarar på talarstolen, og portrettfotografering av listekandidatar til bruk i lokallaga sine brosjyrar.
Fotografen vert lønna med hotellopphald, reisedekning og middag under fylkesårsmøtet. Og oppgåva vil i liten grad påverka eventuell deltaking på møtet som delegat.

Søknadsfrist 1. Februar. OBS!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**