Hallvor Lilleslett held fram som leiar
Det var ingen endringar i styresamansettinga og Hallvor Lilleslett vart attvald som, leiar. Jan Katteberg og Erlend Grubben vart valde som varamedlemmer til styret.
Årsmøtet vart halde på Fausko skysstasjon i Hemsedal. Venstrelaga i Hallingdal har tradisjon for å halde årsmøte på same stad, og etter enkeltlaga sine årsmøte, bar det fellesmøte. Per Martin Berg, regionsekretær for Buskerud, Telemark og Vestfold held eit engasjerande og informativt foredrag om valkampstrategi og organisasjonsbygging. Særleg hyggeleg var det at nystarta Hemsedal Venstre var godt representert på fellesmøtet.
Av årsmeldinga til Gol Venstre ser ein at det har vore eit svært aktivt år, med i alt 20 medlemsmøter og gruppemøter. Laget har hatt besøk av ikkje mindre enn to stortingsrepresentantar; Pål Farstad, medlem i næringskomiteen i mars, og Abid Raja, nestleiar i transportkomiteen i slutten av oktober. Tema på det første besøket var i stor grad landbruk og næring, og på det andre besøket var tema i stor grad transport og kommunikasjon. I samband med begge besøka vart det arrangert opne møte.
Gol Venstre har tre representantar i kommunestyret. Dei har arbeidd aktivt i formannskapet og utvala, og har hatt mange innlegg i kommunestyret.
Val av styret:
Leiar: Hallvor Lilleslett
Nestleiar: Helge Feet
Skrivar: Gunhild Sørum
Kasserar: Vlasta Sundmoen
Styremedlem: Per Drabløs
Varamedlemmer:
Jan Kattenberg
Kitty Line Scheen
Erlend Grubben
Sigurdis Ingimundadottir
Sander Lilleslett
Revisor: Ola V Stake
Valnemnd: Ingebjørg By Teigen, leiar, Kitty Line Scheen, Line M Nilsen