Årsmelding 2014

Årsmeldinga til Gol Venstre for 2014 vart samrøystes godkjent av årsmøtet. Den vitna om eit aktivt år for lokalpartiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


ÅRSMELDING 2014 — GOL VENSTRE

Tillitsfolk i meldingsåret:
Leiar: Hallvor Lilleslett
Nestleiar: Helge Feet
Skrivar: Gunhild Sørum,
Kasserar: Vlasta Sundmoen
Styremedlem: Per Drabløs

Vara:
1. Line Marie Nilsen, Gudrun Bøthun, Sigurdis Ingimundardottir, Sander Lilleslett

Revisor: Ola V. Stake

Utsendingar til årsmøtet i Buskerud Venstre 7 — 8 februar 2014:
1. Hallvor Lilleslett, 2. Helge Feet
Vara: Gunhild Sørum, Vlasta Sundmoen, Per Drabløs, Line Nilsen, Sigurdis Ingimundardottir, Sander Lilleslett

Valkomité: 1. Gudrun Bøthun (leiar), Kitty-Line Scheen, Ingebjørg By Teigen.

MØTEVERKSEMD
Gol Venstre har også i 2014 hatt eit aktivt år med i alt 20 medlemsmøte/ gruppemøte/ styremøte/ møte i kommunestyregruppa og to ope møte.
– Laget har hatt eit felles møte med dei andre venstrelaga i Hallingdal 12. januar i samband med årsmøtet på Sundre Gjestestugu, Ål. Då var nestleiar i Buskerud Venstre Erik Hørluck Berg med. Han snakka om «Refleksjoner etter stortingsvalget i september 2013»
Gol Venstre har arrangert to ope møte i 2014:
-17. mars: Stortingsmann Pål Farstad (V) i næringskomiteen gjesta Gol Venstre. Det var lagt opp til eit omfattande program på dagtid med fokus på landbruk.
– 27. oktober: Stortingsmann Abid Raja (V) gjesta Hallingdal i to dagar og hadde eit omfattande program. Han representerer transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Fokus på det ope møte var samferdsel.

Hallingtinget: Her møter Hallvor Lilleslett to gongar i året,som ordførar og Gol Venstre sin representant.Han møter i ordførarnettverket til Venstre 4 — 5 gonger i året, og han er kasserar i fylkesstyret og møter her 6 — 7 gonger kvart år.
Nominasjonsmøtet til Buskerud Venstre 11. oktober: Her møtte Per Drabløs

Gol Venstre valde fylgjande nominasjonsnemd: Gudrun Bøthun og Gunhild Sørum. Dei har hatt 5 møte.
Gol Venstre valde fylgjande programnemd: Hallvor Lilleslett, Helge Feet, Vlasta Sundmoen og Sigurdis Ingimundardottir. Dei har hatt 2 møte i år.

POLITISK ARBEID

Gol Venstre har hatt tre representantar i kommunestyret dette året.
1. Hallvor Lilleslett er ordførar i Gol. Han er Gol Venstre sin representant i formannskapet og gruppeleiar. Han møter og i Hallingtinget og som ordførar i Regionrådet og i ulike representantskap der kommunen er medeigar (interkommunale verksemder) Hallvor Lilleslett er hallingdalskommunane sin styremedlem i Hallingdal Folkehøgskule. Han er også kommunens styrerepresentant i Hallingdal Næringshage.
2. Helge Feet er Gol Venstre sin representant i Utval for Natur og Næring (UNN) der han er nestleiar. Han har og møtt i Buskerud Venstre sitt fylkesråd i Hønefoss.
3. Line Marie Nilsen er Gol Venstre sin representant i Utval for Kultur og Levekår (UKL)

Vara til kommunestyret: 1. Vlasta Sundmoen, 2. Gudrun Bøthun, 3. John Henning Johannessen, 4. Sander Bøhn Lilleslett, 5. Erlend Grubben, 6. Ole Martin Feet.
John Henning Johannessen gikk bort i mars 2014. Han hadde vore aktiv i Gol Venstre i 14 år.

Av større politiske saker Gol Venstre har vore oppteken av i 2014 kan nemnast:

Bygging av ny 1 — 10 skule: Dette har vore eit stort og krevjande politisk arbeid i år. Endeleg og samrøystes vedtak om bygging vart gjort i kommunestyremøtet 19. august 2014. I 2014 har ein vidare diskutert utforming av idrettshall: dobbelthall eller enkelthall? Kommunestyret vedtok 16. desember plan for vidare framdrift av idrettshall, med siktemål å gjera politisk vedtak om bygging i kommunestyremøtet i juni 2015.

Budsjettarbeidet har og i år vore krevjande. Gol kommune måtte legge opp til eit visst "overskot" for å ha handlingsrom for å bygge ny 1 — 10 skule til 220 mill kr.

Hallingmoprosjektet som heilheit har også gått framover. Ei eigen arbeidsgruppe er nedsett for å jobbe spesielt med "alt utanom den nye skulen". Skulen har eiga arbeidsgruppe.

Omsorg : UKL har fulgt opp økonomien i omsorgsavdelinga. Gol V er oppteken av at økonomien skal gå i balanse. Organisering av omsorgsavdelinga er diskutert.

Samferdsel: Den tredje avkøyringa til Gol sentrum er viktig å få til. Prosjekteringsarbeidet er godt i gang.

Omorganisering tekniske tenester. Venstre har vore pådrivar for å få ei
omorganisering av dei tekniske tenestene. Gol byggdrift er lagt ned og oppretta
som ei eigedomsavdeling i kommunen. Dei tekniske tenestene, inkukldert
eigedomsforvaltinga, er samla i ei eining med ein felles kommunalsjef. Gol
kommunale eigedomar A/S er gitt ei meir aktiv rolle i eigedomsforvaltinga.

Det er arbeidd med å utgreie sal av kommunale eigedomar.
Næringsplan er vedteken. Helge Feet har leia dette arbeidet.

Etter at formannskapet i desember 2013 gjorde eit prinsippvedtak på kvar ein
ønskjer at detaljhandel skal gå føre seg, har Europris i desember 2014 flytta inn i
nybygde butikklokale. Venstre var pådrivar og argumenterte sterkt for at
detaljhandel skulle vera i sentrum.

Gol Venstre v/ ordførar gjekk i spissen for å delta i eit prøveprosjekt der 16-åringane kunne stemme ved kommunevalet 2015. Kommunestyret gjekk imot. Berre SV og Venstre stemde for prøveprosjektet.

Gol Venstre, med ordføraren i spissen, har også dette året jobba aktivt i utvala og på medlemsmøter /gruppemøter, vist initiativ og hatt mange innlegg i kommunestyret.

ØKONOMI
Økonomien i Gol Venstre er i god balanse. Gol Venstre har i 2014 hatt 17 registrerte medlemmer.

Gol, januar 2015

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**