Programkomiteen ber lokallaga merke seg at dette er eit valprogram som er annleis i utforming enn eit tradisjonelt fylkestingsprogram. I staden for sektorkapittel (kultur, skule, næring etc) med “smørbrødlister” av tiltak, peikar vi i staden ut tre strategiske satsingsområde for å nå eitt overordna mål: Å auke folketalet og få fleire til å velje å bu i Sogn og Fjordane i framtida.
Folk først i Framtidsfylket Sogn og Fjordane
Programnemnda sitt framlegg til valprogram for SFj Venstre, Fylkestinget 2015-19
Innleiing
Venstre vil ved fylkestingsvalet 2015 gjere ei klar prioritering: Ungdom først.
Vi vil gjere politiske vegval i neste valperiode for å nå eit mål om 25.000 fleire innbyggjarar i Sogn og Fjordane i 2050 enn i dag – med 20% større ungdomskull. Det krev ei radikalt ny tilnærming til utviklinga i fylket – og tydelege prioriteringar.
Venstre vil i fylkespolitikken stå for ein alternativ politikk til både dagens maktkoalisjon i fylket og til regjeringskoalisjonen nasjonalt. Venstre trur ikkje at verken raudgrøn konservatisme eller blåblå turbokapitalisme er løysinga for å skape vekst i Sogn og Fjordane.
For å nå målet om 25.000 fleire innbyggjarar i 2050, vil Venstre satse systematisk på dei områda der Sogn og Fjordane har spesielle fortrinn – som samtidig “treff” trendar og utviklingstrekk nasjonalt og internasjonalt i åra framover. Det er:
Skule, utdanning og gründerånd. Skulen i Sogn og Fjordane er av dei beste i landet. Det er eit fortrinn Venstre vil utvikle vidare. Utdanning er nøkkelen til vekst, nyskaping og tilflytting. Koblinga skule/næringsliv må bli sterkare: Vi må utdanne framtidas grunderar og følgje opp skulesatsinga med også å bli best på etablering for unge menneske i overgangen til arbeidslivet.
Fornybar energi. Sogn og Fjordane har dei største fornybar-ressursane i landet. Dei neste 20-30 åra går verda inn i ein energirevolusjon: Vi skal over til fornybarsamfunnet. I oljealderen kom Sogn og Fjordane sist. I fornybaralderen må vi kome fyrst det vil utløyse verdiskaping og vekst.
Rein mat. Sogn og Fjordane har eit unikt naturgrunnlag for å levere mat til verda av høg kvalitet til høg pris – frå sjø og land. Rein mat av høg kvalitet og berekraftig utnytting av naturen er verdiar Sogn og Fjordane ikkje må setje i spel – f eks gjennom å bruke fjordane våre som dumpingplass for avfall.
Programkomiteen foreslår at Venstre sine satsingsområde i fylkespolitikken i 2015-19 er:
1. Ungdom først: Bli best i Noreg på skule, oppvekst og etablering
1.1. Vidaregåande skule skal vere Venstre sin topprioritet i fylkespolitikken 2015-19. Vi vil skjerme dei vidaregåande skulane frå kutt i kvalitet, og bygge på dagens skulestruktur dei neste fire åra. Venstre vil ha fritt skuleval innanfor utlyst tilbodsstruktur ved skulane, og vidareføre Hordalandsavtalen.
1.2. Styrke høgskuleutdanninga i Sogn og Fjordane og bygge ut nye tilbod – særleg retta inn mot næringslivet.
1.3. Arbeide for gratis kollektivtransport for barn og ungdom
1.4. Enklare inngangsbillett til første jobb og første bustad for ungdom: Satsing på fleire lærlingar, trainee-program og arbeidspraksis. Invitere kommuner og næringsliv til samarbeid om utbygging av billige gjennomgangsbustader, og arbeide for at fylkeskommunen som byggeigar og bustadsstiftingane i fylket også bidreg til dette. ,
1.5. Kulturtilbod med høg kvalitet er avgjerande for å trekke til seg unge. Venstre vil ha framleis sterk satsing på kultur og frivillig sektor i fylket. Tilbod retta mot born/unge skal ha prioritet
2. Grøn vekst: Bli fornybarfylke nr 1 i Noreg
2.1. Halde på og bygge opp eigarskap til energiressursane i Sogn og Fjordane
2.2. Fornybar energi og teknologi først i all næringspolitikk. Legge til rette for utnytting av fornybarressursane til lokal verdiskaping
2.3. Berekraft skal leggast til grunn for næringsutvikling i Sogn og Fjordane
2.4. Mat med høg kvalitet til høg pris frå sjø og land (landbruk og fiskeri) skal vere eit strategisk satsingsområde for Sogn og Fjordane
2.5. Utarbeide ein samla arealplan for fjordane og dei nære sjøområda på kysten. Nei til fjorddeponi/massedumping i samband med Engebø-utbygginga
3. Eit nytt Sogn og Fjordane: Store bu- og arbeidsmarknadsregionar med vekstkraft
3.1. Regionreform og utflytting av statlege arbeidsplassar: Venstre vil ha éin Vestlands-region som overtek oppgåver frå staten og dagens fylkeskommuner. Regionreformen må følgjast av utflytting av minst 1.000 nye statlege arbeidsplassar til SFj innan 2020. Statlege arbeisplassar må lokalisert slik at dei saman med vekst i næringslivet skapar heilskaplege bu- og arbeidsmarknadsregionar med mangfald av arbeidsplassar
3.2. Kommunereform: Venstre vil ha ein kommunestruktur som samsvarer med gode bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det betyr 5-8 kommuner i Sogn og Fjordane med meir makt og fleire oppgåver enn i dag.
3.3. Fiberfylket: Legge ein plan for høgkapasitets breiband til alle innan 2020, i eit spleiselag mellom stat, fylke, kommuner og private.
3.4. Veg: Prioritere vegprosjekt som bygger større bu- og arbeidsmarknadsregionar. Venstre vil følgje Fylkestinget si vedtekne prioriteringsliste for større investeringsprosjekt på Fylkesvegnettet, med oppstart av Kystvegen som førsteprioritet etter Olden-Innvik. Vi vil i tillegg arbeide for rask realisering av ferjeavløysingsprosjekt på fylkes- og riksvegnettet i spleiselag der også brukarbetaling inngår.
3.5. Ny næringspolitikk: Kraftige kutt i næringsbyråkratiet. Pengane skal rett til grunderen gjennom skattestimuli, etablerartilskot, såkornmidlar og risikokapital.
Avrunding
Dette programutkastet syner Venstre sine hovudprioriteringar i fylkespolitikken og i saker som sterkt vedkjem utviklinga i Sogn og Fjordane. For politikk på nasjonalt nivå syner vi til Venstre sitt Stortingsvalprogram for perioden 2015-19.
Endeleg vedtak av program skjer på Fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Venstre 7.-8. februar 2015.
Programkomiteen i Sogn og Fjordane Venstre, 6. januar 2015
Alfred Bjørlo (leiar), Halvor Halvorsen, Marianne Øren, Vigdis Tonning og Rune Nygård (UV)