Nordhordland Unge Venstre er stifta

Rett før jul vart Nordhordland Unge Venstre stifta. Dei vil jobbe for eit meir liberalt, grønare og meir ungdomsvennleg Nordhordland. Lisa Sætre frå Austrheim er leiar, medan Agnes Hoshovde Bernes frå Radøy er nestleiar. Med seg i styret har dei tre andre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


I kveld hadde Nordhordland Unge Venstre sitt første møte etter at dei vart oppretta.
-Me håpar på å vera ein aktiv deltakar i den politiske debatten i Nordhordland framover! Framleis er me litt få, så dersom du er ungdom som er interessert i eit grønare og meir liberalt Nordhordland, så er det berre å bli med, seier Sætre og Bernes.

Det vert spennande å følgje Nordhordland Unge Venstre. Radøy Venstre ynskjer dei lukke til i arbeidet, og oppfordrar politisk interessert ungdom til å engasjere seg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**