Dei siste åra var han mykje heime, fordi kona Solveig var dårleg til beins og hadde vanskar med å vere med så mykje ute som før. Men ein snartur for Jens noen hundre meter bort til Venstres kontor gjekk greit. I leiligheita i Kronprinsens gate i Kristiansand var det bøker, gode stolar, godt leselys og alltid triveleg å kome på besøk. Solveig og Jens følgte godt med i heile landsdelen, og langt utover Sørlandet. Jens serverte te i store koppar. Dei likte at gjestar blei lenge. Det blei mange koppar mens det kunnskapsrike og milde paret snakka om litteratur, om Venstre, om å bygge Sørlandet stadig sterkare, om demokrati og menneskeverd. Solveig døde i fjor. Jens var ikkje så frisk siste tida, og var mykje på Valhalla omsorgssenter. Dei siste samtalane blei i telefonen. Han var likevel like mild og optimistisk som før.
Jens Vetland var politisk engasjert. Han starta som journalist mens dei fleste avisene ennå viste politisk farge. Han visste kva han stod for, og gledde seg over stadig nye talent i Venstre. Han var også sjåfør for Bent Røiseland i mange valkampar, og han var ein av tre forfattarar i biografi om Røiseland. For to år sidan var han festtalar da Agder Venstre hadde samling med kommunestyremedlemer og andre tillitsvalte. – Røiseland ville likt Trine Skei Grande, sa han da.
For mange av oss som har glede av Fævennen, Venstre, gode bøker og den lange samtalen har Jens og Solveig Vetland vore viktige, kunnskapsrike og gode venner. Vi er mange som er takksame.
Jan Kløvstad
Sekretær i Agder Venstre og bokbyarbeidar i Tvedestrand