Strid om nedbygging av friområdet på Rogne

Kommunestyret vedtok i desembermøtet ei omregulering slik at ny barnehage til erstatning for noverande på Lundhaugen, skal byggjast på friområdet på Rogne. Les meir om Venstre si haldning til saka her!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Venstre, Høgre, Raudt og ein frå KrF røysta imot å byggja på Rogne, og for å byggja på Lundhaugen.
Hovudgrunngjevinga til Venstre, som òg vart grundig presisert av Jorunn Ytrefjord og Torstein Gunnarson frå talarstolen i møtet, var som følgjer : Det einaste store friområdet mellom Gullfjordungen og Lundarosen forsvinn. Erstatningsarealet er mykje redusert, og oppdelt. Krava i "Rikspol. retningsliner for barn og unge" om atved omdisponering av fellesareal eller friområde, skal det skaffast fullverdig erstatning. er ikkje oppfylt.

Gresstrå

Foto: Trond

Vedtaket inneber difor klare negative utslag for bumiljø/nærmiljø og helseaktivitetar for barn og unge. Og barnehagen får oppdelt uteareal, farleg tilkomst, ingen parkering — og synest å få knappe og dårlege bygningsmessige løysingar.

V, H, og Raudt leverte så ei såkalla lovlegheitsklage, forfatta av Venstre sin gruppeleiar. Vi peika her m.a. på at alternativet med bygg på Lundhaugen ikkje var tilstrekkeleg utgreidd og at dei nemnde rikspolitiske retningslinene ikkje var oppfylt.

Denne klagen skal vurderast i eit kommunestyremøte over nyttår, før den går til fylkesmannen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**