Med Venstres stemmer vart det fleirtal for lovendringa.
Sjå òg NRK.no: Proffboksing kan fullt mulig utføres innenfor trygge rammer.
Ikkje gode nok argument for å nekte
– Vi har i stortingsvalprogrammet lova veljarane å gjere proffboksing lovleg. I eit liberalt samfunn krevs klare og tungtveiande argument for å forby noko. Vi tek den medisinske risikoen på alvor, men det er få idrettar med like tett medisinsk oppfølgjing som boksing. Det er òg fleire lovlege idrettar som er farlegare enn boksing. Argumenta er ikkje gode nok for å nekte profesjonelle utøvarar å utøve idretten sin, meiner Venstres Sveinung Rotevatn.
Europeisk regelverk
Etter Venstres syn er det også slik at det europeiske regelverket i tilstrekkjeleg grad tek i vare omsynet til tryggleik og helse. Å drive med profesjonell boksing krev lisens for utøvaren, noko som mellom medfører grundige medisinske testar. Skadeomfanget for boksarar er også svært lågt i Europa, samanlikna med andre verdsdelar, nettopp på grunn av det strenge regelverket.