Trass i denne klare positive tilrådinga fekk rapporten ei lunken mottaking og førte til eit ullent politisk vedtak. Det blir hevda frå Bokbåten sine motstandarar at besøkstal og utlån frå Bokbåten er synkande og at vi ikkje har bruk for han lenger.
Det er ikkje rett. Besøks- og utlånstala er ganske stabile, faktisk litt aukande siste åra.
I 2012 var båten ute på to 17-dagars turnear i Sogn og Fjordane. Godt over 1000 born besøkte båten, og han lånte ut over 8.500 barnebøker i tillegg svært mange vaksenbøker.
Berre 13 av kommunene i Sogn og Fjordane hadde høgare utlån av bøker i løpet av heile året enn Bokbåten hadde i løpet av to gongar 17 dagar.
Bokbåten har i tillegg til desse registrerte utlåna også tilbod til bygdene dei besøker om eit "bokdeponi" som blir lånt ut utan å bli registrert. Dersom vi tenkjer oss at kvar bok sirkulerer 2-4 gongar mellom kvar gong båten er i ei bygd, så er det berre Fylkesbiblioteket i Førde som er på høgde med bokbåten i utlån av bøker.
Med andre ord: Det store fleirtalet i Fylkestinget med det såkalla distriktspartiet Senterpartiet i spissen – vil legge ned det nest mest brukte biblioteket i Sogn og Fjordane for å spare ca 1 million kroner i året. Venstre er djupt usamde i denne prioriteringa
Dei som taper mest på at vi legg ned Bokbåten er dei yngste og dei eldste, som er lite mobile og bur langs kysten og fjordalangs, der det er langt og vanskeleg å kome til næraste kulturhus. Det betyr særs mykje for desse å halde oppe bokbåten.
Bokbåten er eit Vestlandssamarbeid. Nettopp det vart det lagt stor vekt på når Bokbåten i 2013 vart nominert som "Årets bibliotek". I grunngjevinga var det framheva potensialet Bokbåten hadde som merkevare for Vestlandet.
Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) sa i generell politisk debatt i Fylkestinget nylig at det var ubegripeleg at nokon nasjonalt ville ta bort midlane til den kulturelle spaserstokken.
For Venstre er det enno meir ubegripeleg at Senterpartiet i Sogn og Fjordane vil ta bort det mest desentraliserte kulturtilbodet vi har i fylket og som attpå til blir nytta hovudsakleg av born og eldre.
Venstre i Sogn og Fjordane er difor krystallklare i vårt syn: Sogn og Fjordane må halde fram samarbeidet om bokbåten med Hordaland og Møre og Romsdal. Det blir heilt feil å legge ned Sogn og Fjordane sitt nest største og mest desentraliserte bibliotek i ei tid då biblioteka er viktigare enn nokon sinne.
Marit Barsnes Krogsæter
Venstre sin gruppeleiar på Fylkestinget