Sogn jord- og hagebruksskule er den einaste heiløkologisk drivne landbruksskulen i landet den einaste skulen i Noreg med eit heilskapleg utdanningstilbod i økologisk landbruk på Vg2- og Vg3-nivå.
Gjennom årelangt og systematisk arbeid har skulen bygt opp kompetanse lokalt og nasjonalt på mange ulike felt, her under lokal produksjon av mat. Denne kompetansen er etterspurt i miljøa knytt opp mot økologisk landbruksproduksjon og matvareforedling.
Venstre meiner Sogn jord- og hagebruksskule gjer eit viktig nybrottsarbeid for norsk landbruk. Venstre meiner satsing på økologisk landbruk sikrar ei berekraftig utvikling av landbruket og matproduksjonen i Norge. Både fordi økologisk landbruk er viktig i seg sjølv, og óg fordi økologisk landbruk er viktig for å "skubbe" det konvensjonelle landbruket i ei heilt nødvendig retning.
Difor har Sogn og Fjordane Venstre nytta alle korsvegar og høve til å løfte fram Sogn jord- og hagebruksskule i vårt parti også nasjonalt.
Venstre var einaste parti av dei fire som utgjorde statsbudsjettfleirtalet på Stortinget i haust som la inn statlege midlar til Sogn Jord- og hagebrukskule i vårt alternative statsbudsjett. Eg er særs glad for at Venstre fekk gjennomslag for dette. Det fortel gledeleg nok også om ei positiv haldning til skulen på nasjonalt nivå i andre parti.
Venstre bidrog også sterkt til at årets landbruksoppgjer fekk ein sterkare økologisk profil. Det var eitt av vilkåra for at Venstre kunne slutte seg til landbruksoppgjeret, Ein slik profil på landbruksoppgjera i åra framover er også viktig for Sogn jord- og hagebruksskule si framtid. Ei generell sterk satsing på økologisk landbruk i Noreg kjem sjølvsagt også Sogn jord- og hagebrukskule til gode og omvendt.
Venstre vil gi stor honnør til alle dei eldsjelene og organisasjonane frå heile landet som no står på og stiller opp i kronerulling for Sogn jord- og hagebrukskule i venneforeninga. Dette engasjementet er gull verdt, og Venste helsar det velkomen. Sogn jord- og hagebruksskule er ein skule for framtida!
Alfred Bjørlo, fylkestingsrepresentant for Venstre