Venstre sikrar fleirtal for vidareføring av bompengar på Halhjem-Sandvikvåg-ferja, saman med KrF, Ap og Sp.
«Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til åf forlenga innkrevinga av bompengar med to år til å delfinansiera prosjekt og tiltak på fv. 545 i Stord og Fitjar kommunar. Vilkåra går fram av Prop. 149 S (2011-2012), Innst. 50 S (2012-2013) og Innst. (XX) S (2014-2015).
Dette medførar no at utbetringa av fylkesveg 545 i Stord og Fitjar kan fortsetta. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2001-2002) slutta Stortinget seg til delvis bompengefinansiert utbygging av delstrekningar på E39 på Stord mellom Borevik, like sør for Jektevik, og Sandvikvåg. Innkrevjinga skulle gjennomførast ved påslag på ferjetakstane på sambandet E39 Halhjem Sandvikvåg.
Bompengeinnkrevjinga starta opp i 2002 og var føresett avslutta ved utgangen av 2008. Det blei lagt til grunn at 50 pst. skulle finansierast med bompengar og 50 pst. med statlege midlar. Gjennom behandlinga av St.prp. nr. 1 (2008-2009) blei bompengeperioden utvida med fire år til utgangen av 2012. I Prop. 1 S (2009-2010) blei det lagt til grunn at staten skulle oppretthalda sin del på 50 pst. av finansieringa. Etter dette er den samla økonomiske ramma for utbygginga av E39 på Stord om lag 420 mill. kr, omrekna til 2012-prisnivå.
Det er rekna med at utbygginga innafor fastsett økonomisk ramme vil halda fram til 2015. Den fastsette ramma er likevel ikkje tilstrekkeleg til å byggja ut alle attståande delstrekningar på E39 mellom Borevik og Sandvikvåg.
Difor er Stord Venstre no glade for at desse tryggingstiltaka kan fortsetta og at Venstres stortingspolitikarar tok tak i dette når lokallaget yttra bekymring. Ein skal også gje honnør til Magne Rommetveit for initiativet til dette, det er viktig at lokale samferdslepolitikarar trekk i same rettning.