Rogaland Venstre deler hvert år ut en miljøpris til en person, bedrift, foretak eller forening som har gjort en ekstra stor innsats for miljøet i løpet av fjoråret eller en lengre periode.
De har greid å følge utviklingen og gjøre turen til en opplevelse, selv om pågangen av turister er stor og det er mye som skjer, sier Kjartan Alexander Lunde, leder i Rogaland Venstre til Aftenbladet.
Det er storartet at noen legger merke til det vi holder på med. Dette inspirerer til ytterligere innsats, sier Audun Rake i Stiftelsen Preikestolen til Aftenbladet.
Les også: Tidligere vinnere av miljøprisen
Selve prisen vil bli utdelte under Venstre sin samling på lokalpolitisk nettverk på Preikestolen fjellstue i mars.
Tildelingsteksten
Stiftinga Preikestolen vert tildelt Rogaland Venstre sin miljøpris for 2014 for arbeidet med å betre tilkomsten til fylket sin viktigaste turistattraksjon – Preikestolen.
Talet på besøkande til Preikestolen har auka sterkt dei siste åra. I 2013 var det heile 200 000 personar som opplevde naturattraksjonen og i år er talet blitt enda høgare.
Den aukande trafikken er positiv med tanke på alle som får sjå den finaste og mest spektakulære naturen som fylket har å by på. Men tettheita av folk langs deler av turløypa kan tidvis være svært høg. Ein såg difor teikn til slitasje på naturen nær stien og at deler av stien blei utvaska. At løypa i nokre parti er ulendt førte også til ein auke i talet på fall- og brotskader.
Å være ute i naturen og å ferdast i fjellet gir rike opplevingar. Bruk av kroppen er viktig for fysisk og psykisk folkehelse. Det er ingen motsetnad mellom vern om naturen og høge besøkstal til ein populær attraksjon som Preikestolen, så lenge området blir tilgjengeleggjort på naturen sine premissar. Stiftelsen har og spilt på lag med dei to vertskommunane, grunnleigarane og Stavanger Turistforening.
Stiftinga har i sitt arbeid med ny sti til Preikestolen utført dette på ein forbilledlig måte. Balansen mellom behova for tilrettelegging for masseturismen og ivaretaking av det klassiske naturvern er solid ivaretatt. Det står respekt for det arbeidet stiftinga har gjort for ny sti til Preikestolen.
Turen frå Preikestolhytta opp til Preikestolen tek eit par timar. Turstien er dermed ein del av den totale attraksjonen og naturopplevinga. Når behovet for å utbetre denne tilkomstløypa først var til stades, har Stiftinga Preikestolen vist evne til å gjere dette på naturen sine premissar. Gjennom å bruke sherpaer frå Nepal, som flytter stein, byggjer trapper og legg heller med rein handmakt, er dette løyst på eit framifrå vis. Steinarbeida har ein handverksmessig kvalitet som gjer at dei truleg vil liggje der i fleire mannsaldrar, til glede for rogalendingar og tilreisande til langt ut i det neste hundreåret. Berre i løpet av dei neste 10 åra vil kan hende 2 millionar personar gå denne turen.