Kulturbudsjettet er berga!

Kulturlivet og mediefolk landet over var i heller dårleg humør etter at den blå-blå regjeringa hadde lagt fram kulturbudsjettet sitt. Men heldigvis blir det store endringar når Stortinget vedtar det endelege budsjettet. Aldri er eit kulturbudsjett i Norge endra så mykje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Her er ei liste over eindel av det Venstre og Kristeleg folkeparti fekk gjennom i forhandlingane:

Jan Kløvstad bøker 1

Foto: Anna Hjeltnes

Dei frivillige
Studieforbunda, som er svært viktige for å finansiere blant anna instruktørar i store delar av det frivillige organisasjonslivet, får 40 millionar meir. 4H og andre organisasjonar som var nemnt med harde kutt får 5, 5 mill meir enn regjeringsforlaget og får med det same støtta som før. Grensa for lønnsoppgåveplikt i frivillige organisasjonar blir auka til 8 000 kr og gåvefrådraget blir auka frå 16 800 kr til 20 000 kr. Vi får auka grensa for når frivillige organisasjonar må betale arbeidsgjevaravgift til 50 000 kr pr tilsett/500 000 pr organisasjon. I tillegg får kor, ensembler og frie grupper 10 mill meir. Det blir 27,4 mill meir til momskompensasjon ved bygging av idrettsanlegg enn i regjeringsforslaget og Det frivillige skyttervesen får 1,6 mill meir.

Folkehøgskolane
Folkehøgskolane får 22, 7 mill meir. Posten til 10 mnd studiestøtte i folkehøgskolane er auka med 11,5 millionar og “Stortinget ber regjeringen frem til RNB avklare rammer og finansiering for en ny folkehøyskole, SKAP, i et samarbeid mellom det offentlige og næringslivet i Lindesnesregionen.”

Medier
Pressestøtta var rasert i regjeringas forslag. Vi har fått inn igjen heile kutter på 50 millionar kroner og i tillegg 4,1 mill til samiske aviser, 2,2 mill til Nynorsk avissenter og halvannan million til å styrke arbeidet med kvalitetsjournalistikk ved Institutt for journalistikk i Fredrikstad.

Litteratur
Innkjøpsordningane i kulturrådet lever vidare, med 5 mill meir til innkjøpsordninga for litteratur for barn. Dei tre litteraturhusa i Oslo, Bergen og Fredrikstad får 7 millionar kroner. Også biblioteka får meir.

Kulturminnevernet blir styrka med 15 mill og fartøyvernet med 5 mill. Det blir også 12 mill ekstra til eindel museer som regjeringa hadde redusert støtta til (blant andre Jødisk museum og forprosjekt for det nye sørsamiske Saemien Sitje).

Vi lyktest ikkje med å få tilbake dei pengane regjeringa etter innstilling frå Norsk Filminstitutt hadde redusert til Sørnorsk filmsenter og to andre regionale filmsenter, men fekk gjennom 400 000 ekstra til New Nordic Films.

Jan Kløvstad
Fylkessekretær i Venstre og med i Venstres kulturnettverk

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**