Då planprogrammet var oppe til handsaming i kommunestyret i juni, tok kommunestyrerepresentant Geir Angeltveit, og tidlegare Venstre-politikar og no leiar av Friluftsrådet Vest, Astrid Larsen til orde for å freda Landåsen frå motorveg. Området er for verdifult og for kjært for folk på Stord.
Me meinte det var ingen som ønskjar å dela Landåsen i to, og ville legge det alternativet dødt umiddelbart. Då vart me kalla uprofesjonelle Arbeidarpartiets ordførarkandidat, Harry Herstad. No famnar resten av formansskapet også om Landåsen og vil legga dette dødt, eingong for alle.
Då som no er Venstre tilhengjar av å behalda Landåsen fri for 4-felts motorveg, bilar og vogntog i 100kmt. E39 mellom kystbebyggelsen og Landåsen har fungert som ei grensa, og det ville vore svært synd om ein valde å råka denne ved å asfaltere tvers gjennom.
Me er svært glade for at Stord-Fitjar Turlag støttar oss i dette, og seier rett ut at inngrep i Landåsen og Skjepåsen er uakseptable. Samstundes som Jan Arild Nesse i Høgre også tar til orde for å vera skånsom.
For Stord Venstre er bynære friluftsområder gull verdt for trivsel, folkehelse og livskvalitet. Det er nokre naturgitte landskap me ikkje ønskjer å gje avkall på.