Budsjett i boks

Statsbudsjettet har blitt vedtatt, og i dag går finansdebatten på Stortinget. Kommunestyrerepresentant Geir Angeltveit gir her sitt syn på saka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Omsider vart dei samde, og Stortinget har samla seg om eit nytt statsbudsjett. Etter ein demokratisk prosess ein ikkje har sett sidan Bondevik 2-regjeringa, var det igjen open debatt kring eit statsbudsjett. Trass riksmedias overtrampande jag etter annonseinntekter, med stadig meir sensasjonelle «nyheiter», så var det i grunnen ikkje langt utanfor normalen.

Fra pressekonferansen i Stortingets vandrehall der budsjettforliket ble lagt fram.

Fra pressekonferansen i Stortingets vandrehall der budsjettforliket ble lagt fram.
Foto: Steinar Haugsvær

I Venstre skjønte ein at det ville vera ein lang prosess, det gjor ein når ein såg statsbudsjettforslaget til Solberg-regjeringa. Der var det ein del godt; helse, forsking, skule og utdanning, fornuftige effektiviseringar via ostehøvelkutt i offentleg sektor og anna dei borgarlege partia var samde om. Problemet var at det var svakt på det sosiale området, og elendig på miljø. Så at ein nytta tida var ikkje så pussig, og det har nok gått ei kula varmt nokre gongar. Fellesresultatet er noko Venstre kan stilla seg bak. Venstre har alltid sine eigne heilskapelege budsjettsforslag, men nasjonalt som lokalt så er det også eit poeng å søka gjennomslag, og difor går ein i forhandlingar og finn saman.

Ein vert å føra den grønaste politikken nokonsinne. Og for førstegong vil utsleppa i transportsektoren gå ned, samstundes som ein byrjar ta inn vedlikehaldsetterslepet på jernbanen for første gong. Det kjem oppå eit grønt skatteskifte på 2,7mrd..

 Stortingsrepresentant og finanspolitisk talsmann Terje Breivik frå Hordaland var den som leia Venstres forhandlingar med regjeringa.

Stortingsrepresentant og finanspolitisk talsmann Terje Breivik frå Hordaland var den som leia Venstres forhandlingar med regjeringa.

Det kjem ei historisk satsing på høgare utdanning. Her gjekk Høgre og Frp eit steg fram, og saman med Venstre og KrF har ien gått enda lenger. Ein fekk også fjerna det håplause forslaget om skulepengar, og det vert sett av fleire kroner til skulen. Det vert og laga 2.600 fleire barnehageplassar, og ein opnar for meir fleksible opptak. Folk skal sleppa å måtta rusha til sengehalmen i november for å få barnet i barnehagen før september. Ein sørgjar også for ei vidareføring av barnehage for born på asylmottak, noko som har stor påverknad for bl.a. Heiane Mottakssenter og Stord Kommune.

Dette budsjettet vil sørgja for at me neste år vil ta imot fleire kvoteflyktningar enn nokosinne, 2000 opp frå 1500. 500 fleire med Frp enn med Arbeidarpartiet. Det skulle berre mangla, når ein ser ein av dei største flyktningekrisene i verdshistoria. Det har medført at Ap no skal «oppjustera» sitt eige budsjett for å måla seg med dei borgarlege, på miljø, på flyktningar, på samferdsle mm. Venstre tar arbeidarpartiet vidare.

Eit budsjettsforlik kjem ikkje utan ein kamel og to. Ein kamel for Venstre var bensinavgifta. Det var viktig for Frp. Som motvekt har budsjettet derimot ei stor satsing på grøn bilisme. Hybridbilar vert billigare, og for dei av oss som ikkje får bybane, så er det gledelege nyheiter. Bilen er vanskeleg å erstatta her, og då er det betre å føra bilismen inn i eit grønt paradigmeskifte. På dei store miljøfelta, så vart miljøteknologiordninga styrkja med 100 millionar. Noko som kjem klyngjer som NCE Maritime CleanTech her langs gullkysten veldig til gode.

Det er mykje eit budsjett ein kan vera freista å ramsa opp, mykje bra, noko kjipt, og mykje som vart langt betre etter solide forhandlingar. Det er lett å vera uroa for kva kompromiss ein må inngå, men det er tydeleg at Siv Jensen sine statsbudsjettborn enda opp med ein god liberal oppseding.

Geir Angeltveit

Med liberal helsing

Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**