I tillegg til Venstre har Høyre har lagt inn 2 millionar til idrettsanlegg i sitt framlegg til Radøy kommune sitt budsjett med tanke på kunstgras på Bø og Manger. I tillegg har FrP signalisert at dei kan gå inn for ei slik løyving. I formannskapet sitt budsjettarbeid er det no eit breitt fleirtal som er samde om rammene, men prioriteringane innafor desse skal det forhandlast nærare om.
-Bruk av kommunale investeringsmidlar til kunstgrasbanar vert nok eit tema når partia skal forhandle, men me er frå vår side innstilt på å prioritere dette og legg vekt på å behandle Hordabø IL og Radøy/Manger FK likt, seier Hervik.
I utgangspunktet kan ikkje kommunale investeringsmidlar nyttast til private anlegg, og fotballbanane på Radøy er eigd av idrettslaga, og ikkje av kommunen.
-Dette skaper ei budsjetteknisk utfordring, men det er heilt sikkert mogeleg å finne ei praktisk løysing på dette. Til dømes kan kommunen gå inn som medeigar i banane tilsvarande den delen som ei kommunal investering utgjer, eller så kan ein sjå på andre moglegheiter for å løyse dette, seier Hervik.
Les saka i Strilen 29.11.2014