Vi vil bygge demenslandsby i Arendal

Vi vil bygge demenslandsby i Arendal og gjere Arendal til eit demensvennleg samfunn. I budsjettforslaget frå Høyre, Kristeleg folkeparti, Venstre og dei uavhengige foreslår vi 750 000 kr til forprosjekt for demenslandsby etter mønster frå de Hogeweyk i Nederland.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Av Irene Henriksen Aune (H) og Jan Kløvstad (V), leiar og nestleiar i helse- og omsorgskomiteen i Arendal bystyre

Straks over nyttår skal helse- og omsorgskomiteen behandle forslag frå Nasjonalforeningen for folkehelsen om å erklære Arendal som demensvennleg samfunn.
"Nå husker ikke mor Høn lenger, og jeg snakker aldri om huset når jeg er på besøk, for å skåne henne. Hver gang vi går rundt omsorgssenteret, som det så hensynsfullt kalles, og kommer til inngangen, stanser hun og sier: Skal vi inn her? Her har jeg aldri vært før. Så tar hun meg under armen og sier: Skal vi se hva som venter oss på innsiden?
Tenker hun ikke på noe annet enn det hun ser, lukter, hører? Finnes ikke huset lenger?
Det er Cecilie Enger som skriv dette, i romanen Mors gaver som kom i fjor haust.

Nasjonalforeningen skriv i ein brosjyre at over 70 000 menneske i Norge har demens og at minst 40 000 av dei bur i heimane sine. Her i Arendal reknar vi med at vi har rundt 600 demente og at rundt halvparten av desse bur heime. I helse- og omsorgsplanen vi arbeider med nå, har vi laga ei framskriving av tal personar med demens i Arendal kommune fram til 2040. Også vi er eindel av den store suksessen i velferdssamfunnet. Også her hos oss skal dei fleste av oss leve lengre enn foreldra våre, og mange år lengre enn besteforeldra våre gjorde. Nå framover blir det først fleire mellom 80 og 90 år, og frå 2030 kjem den store veksten blant dei som er så heldige å bli 90 år og meir enn det. Men så er det eit tal som vi ser i kolonna ved sidan av: i dag er det 600 med demens i Arendal. I 2030 trur vi det er 1050 og i 2040 trur vi det er over 1400 med demens.
Nasjonalforeningens ekspert Anne Rita Øksengård seier at demens ikkje er ein sjølvsagt del av det å bli gamal, og at det likevel er atskillig fleire av dei eldste som har demens enn blant yngre. Og same kva vi gjer med tala er konklusjonen den same:

Vi blir eldre, til dels mykje eldre. Og det blir fleire som blir demente.

Demenslandsbyen i Nederland inneheld 23 hus for 153 demente, på eit område på 15 mål. Saman med fagfolk og andre folkevalte frå Arendal har vi hatt gleda av å vere på studiebesøk i de Hogeweyk. Det blir lagt stor vekt på at dei som bur der sakl kunne bevege seg fritt i landsbyen, der det er små grønne lunger, koselege torg, butikk, tater, kafé og pub. Dei får oppleve dei ulike årstidene og vere ute i all slags ver om dei ønsker det. I kvart av husa bur seks menneske som har hatt noenlunde dei same interesser og livsstil. Vi er imponerte over det vi lærte der. I budsjettet foreslår vi derfor å sette igang eit grundig forprosjekt for å bygge demenslandsby.
Vi ser tre store oppgåver:
-Vi startar planlegging av demenslandsby etter mønster frå Nederland.
-Vi skal gjere Arendal til eit demensvennleg samfunn, i nært samarbeid med Nasjonalforeningen og etter inspirasjon frå England og Skottland.
-Vi skal legge til rette for at vi kan prioritere å hjelpe mange fleire demente og pårørande om noen få år enn vi gjer nå, – og vi må sørge for at vi gjer dette slik at kvar enkelt får den hjelpa som trengs. I tillegg vil bygg- og anleggsnæringa her lokalt få sårt tiltrengte arbeidsplassar med å bygge nye sjukeheimsplassar.
Velferdssamfunnets suksess gir oss eit lengre liv. Og også fleire som blir demente mot slutten av livet. Vi vil gjere vårt for å stille opp.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**