Heilt sidan Høgre/Frp-regjeringa la fram sitt framlegg til statsbudsjett har det vore tøffe forhandlingar på Stortinget med samarbeidspartia Venstre og KrF. I dag var resultatet klart, og Venstres Sveinung Rotevatn er godt nøgd med profilen på budsjettet.
– Statsbudsjettet har blitt grønare og varmare. Vi får eit grønt skatteskifte på 2,7 milliardar, mellom anna gjennom solide avgiftslettar på hybridbilar og biodiesel. Saman med den historiske satsinga på kollektivtrafikk gjer dette det enklare å reise miljøvenleg i heile landet, seier Rotevatn.
For Sogn og Fjordane sin del er også gode nyhende i vente, i følgje Venstre. Tapskompensasjonen for fylkeskommunar vert auka med 60 millionar neste år, der brorparten vil gå til Sogn og Fjordane.
– Kutta som følgjer av det nye inntektssystemet for fylkeskommunar ville diverre få uakseptable konsekvensar for Sogn og Fjordane. Med denne styrkinga vi no har fått gjennomslag for, er det mogleg å slå ring om viktige satsingar innanfor vidaregåande skule, kultur og samferdsel, seier Sveinung Rotevatn.
Grønt og sosialt
Fleire av dei andre sakene frå Venstres alternative statsbudsjett har også fått støtte frå det borgarlege stortingsfleirtalet.
– For første gong kjem Nynorsk avissenter i Førde inn på statsbudsjettet med ei løyving på 2,2 millionar kroner. Det er viktig for nynorsken, for journalistikken og for fylket. I tillegg løyver vi 5 millionar til opprusting av Sogn jord- og hagebruksskule, seier Rotevatn.
Av andre saker som mange i fylket har vore opptekne av peiker Venstre på styrking av breibandsutbyggjinga med 60 millionar, samt at den føreslåtte hevinga av grense for momsregistrering vert avlyst ei endring som ville råka mange småbruk og småbedrifter.
Rotevatn framhevar også at den sosiale profilen på budsjettet har blitt svært god.
– Dei usosiale kutta for uføre med born vert avlyst, kampen mot fattigdom vert styrka, vi byggjer 2600 nye barnehageplassar og aukar talet på kvoteflyktningar med 500 til totalt 2000 neste år. Dette butsjettet vil samle eit breidt stortingsfleirtal, og tek Noreg i rett retning, seier vår stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.