Radøy Venstre sitt budsjettframlegg for 2015

Radøy Venstre prioriterer skule og næring i sitt alternative framlegg til budsjett for Radøy kommune. Av investeringar foreslår Radøy Venstre å satse på skule, idrettsanlegg, sjukeheimsplassar og nærmiljø. I formannskapet er det no innstilt ei ramme på drifts- og investeringsbudsjettet, og så skal det tingast om prioriteringane mellom partia. Det er framleis uklårt kva konstellasjon som vil sikre fleirtal for Radøy-budsjettet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


-Radøy kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, men me er godt nøgde med at me har skjerma oppvekst og helse for kutt, og til og med funne rom for ei styrking av skulebudsjettet. Samstundes er me tydelege på at me vil ha på plass ei næringssatsing, seier Frode Hervik, gruppeleiar i Radøy Venstre.

Radøy Venstre sine prioriteringar vert finansiert med kutt i administrasjon, tilsettingsstopp, innkjøpsstopp og kutt i reinhald. På investeringssida foreslår partiet opprusting av gymsal og uteområde Manger skule, nye sjukeheimsplassar, idrettsanlegg og nærmiljøtiltak på Bø.

-Me er innstilt på å forhandle med andre parti om å sikre fleirtal for eit budsjett i Radøy, men vil då kreve nokre politiske gjennomslag, seier Hervik.

Her er Radøy Venstre sitt framlegg:

Drift
Reduksjon andsynes rådmannen sitt budsjettframlegg:
Innføre tilsettingsstopp. Stillingsutlysningar skal godkjennast av formannskapet. Innsparing: 1.000.000
Innføre innkjøpsstopp på inventar og utstyr. Innsparing: 300.000
Teknisk forvaltning. Reinhald. Innsparing: 300.000
Rådmannsstab. Innsparing 500.000
BRB. Innsparing: 51.000
Interkommunalt byggetilsyn. Innsparing: 280.000
IKT Nordhordland. Innsparing: 300.000.
Bruk av fondsmidlar — meirforbruk/mindreforbruk 1.500.000
Totalt: 4.231.000
Ikkje auke eiendomsskatten. 3 millionar.
Opprette prosjektstilling: Nærings- og samfunnsutviklar. Verknad ¾ år — 2/3 kostnad. 400.000
Næringsutviklingsprosjekt. 80.000.
Idrettsanlegg 51.000.
Kulturmidlar: 48.000.
Skule: 652.000

Totalt: 4.231.000

Investering
Endringar andsynes rådmannen sitt framlegg:
Innsparing:
Mindre investeringar. Reduksjon. Innsparing: 800.000.
Investering kyrkjer. Reduksjon. 500.000.
Kommunale bustader. Reduksjon. 6.000.000.
Ombygging oms til institusjonsplassar. Reduksjon. 1.000.000
Totalt: 8.300.000
Auka utgifter:
Velferdssenteret. Nye sjukeheimsplassar. 2.000.000
Nærmiljøtiltak på Bø. 500.000
Turstiar/friluftstiltak. 200.000
Oppgradering uteområde Manger skule. 300.000
Oppgradering uteområde Radøy ungdomsskule. 100.000
Idrettsanlegg. 2.000.000
Oppgradering av gymsal på Manger skule 3.200.000

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**