Etterlyser utvikling i ny legevaktordning

Venstre sin representant i formannskapet på Voss, Torstein Gunnarson, etterlyser i eit spørsmål til ordføraren kva som skjer i i saka om ny legevaktordning for kommunane Voss, Vaksdal og fleire Hardangerkommunar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Etter lengre drøftingar med nabokommunane vart eit framlegg til ny legevaktteneste og til samordning med Voss sjukehus lagt fram til politisk behandling i vår. Saka vart då utsett, etter at Venstre hadde stilt fleire kritiske spørsmål både i forkant av møtet og i sjølve kommunestyremøtet. Debatten i kommunestyret reflekterte ei usemje om kva som var å rekna som forsvarleg legebemanning, og det vart synt til ei uklarheit om kostnadene.

Seinare er ingenting kome ut i lokalaviser o.l. om kva som skjer, unntatt at det er stadig stor usemje mellom kommune og legane om løna.

I spørsmålet til ordføraren i formannskapsmøtet måndag 24. nov. seier Gunnarson at han registrerer med bekymring at f.eks. mange politikarar i Vaksdal synest å få "kalde føter" for å delta, og han er usikker på korleis tilhøvet til Voss sjukehus utviklar seg, både vedk. samarbeid om lokale og personale — dvs. også for senger til strakshjelp (ØH-senger).

Han ber derfor ordføraren orientera om utvikling og status i saka.

Stetoskop, helse, medisin, sykehus

Foto: Microsoft

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**