Venstre krev at regjeringa tar inn igjen i budsjettet 259 millionar kroner som kulturbudsjettet er redusert med. I tillegg vil Venstre styrke kommunane med 1,8 milliardar kroner. Venstre foreslår 30,3 millionar kr meir til lokale kulturbygg, 47,2 millionar kroner meir til studieforbunda for å kunne finansiere instruktørar slik Aust-Agder Musikkråd bad om like etter at regjeringas forslag blei lagt fram, meir pengar til Næs Jernverksmuseum og Sjølingstad Uldvarefabrik, 400 000 meir til Sørnorsk filmsenter til filmprosjekt i Agderfylka og Telemark og 42 millionar kroner meir til biblioteka. For å styrke integreringa vil Venstre gi 5 millionar kroner meir til fleirkulturelle kulturtiltak og 1,7 millionar til innvandrarorganisasjonar. Kulturminnevernet får 50 millionar til kulturminnetiltak i tillegg til 5 millionar til fartøyvern og 10 millionar til freda private kulturminne. Regjeringa vil redusere støtta til 4H og kaste 4H-klubbane ut av kontorfellesskapet hos fylkesmennene, Venstre foreslår 4,8 millionar meit til frivillige organisasjonar i landbruket og vil la 4H behalde kontora sine.
Vi vil også ha inn den vedtatte faste fordelinga i spelemiddelforliket i 2002 og handsamlinga av kulturmeldinga i 2004: 40% til kulturell skolesekk, 30% til Frifond og 30 % til lokale og regionale kulturbygg. I framtidige statsbudsjett må denne fordelinga ligge fast.
Venstre seier nei til kuttet på 5 mill. til musikkutstyrsordninga som også er viktig for lokalt musikkliv. Venstre foreslår 47,2 millionar meir til studieforbunda og 6,2 millionar kroner til vaksenopplæringsorganisasjonane. Som del av den omfattande pakka med kamp mot fattigdom gir Venstre også 50 millionar kroner til frivillige organisasjonar som arbeider med fattigdomstiltak. I tillegg til det vi nemner her er det solid satsing på både litteratur, teater, musikk, kulturminnevern og alle delar av kulturlivet i Venstres forslag. Alt dette vil Venstre gjennomføre med mindre bruk av oljepengar enn regjeringa. Vi prioriterer miljø, kampen mot fattigdom og kultur.
Kulturlivet håpar og set sin lit til at kulturbudsjettet for 2015 er eit heilt anna etter at forhandlingane mellom regjeringspartia, Krf og Venstre er ferdige. Venstre skal gjere sin viktige del av dette arbeidet.
Jan Kløvstad
Fylkessekretær i Agder Venstre