Ønskjer å sikra finansieringa av barnehagane

I den blåblå regjeringas forslag til statsbudsjett ønskjer dei å kutta stønaden til born på asylmottak, slik at desse ikkje lenger skal få eit tilbod om barnehage. Stord vil sikra kommunalt tilbode.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Me vil passa på at Shayman (5) frå Somalia får behalda barnehageplassen sin på Heiane mottaksbarnehage.

Me vil passa på at Shayman (5) frå Somalia får behalda barnehageplassen sin på Heiane mottaksbarnehage.
Foto: Sunnhordland

Då formannsskapet diskuterte kommunebudsjettet for 2015, kom diskusjonen inn på regjeringas forslag til å kutta stønaden til barnehageborn på asylmottak.

Fell denne finansieringa vekk frå sentralt hald, kan det medføra at Heiane Mottaksbarnehage må leggast ned. Det er noko me ikkje ønskjer. Og politikarane er samde i at om ein skulle koma opp i ein slik situasjon så ønskjer ein å finna desse kronene gjennom kommunebudsjettet. Det er ikkje snakk om mangen born, men for dei det er snakk om har det veldig mykje å seie.

Born i barnehage er som språklege svampar. Så om dei skal vera her lenge eller midlertidig så får dei noko med seg vidare. Og integreringsprosessen kan starta.

Stord Venstre er klåre på at me ønskjer at denne finansieringa skal haldast ved like. Men først og fremst håpar me at dei borgarlege partia på Stortinget finn saman om eit budsjett, og sørgjar for at denne posten kjem inn att på statsbudsjettet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**