– Denne saka viser også at det er behov for betre oppfølging av næringslivet frå kommunen si side på meir generelt grunnlag. Kommunen manglar både strategi og personressursar for å fremje næringsutvikling. Etter Radøy Venstre si oppfatning må dette settast på dagsorden med ei klar målsetting om at fleire bedrifter skal etablere seg og å leggje til rette for ei vidareutvikling av dei me allereie har, inkludert Fløholmen AS, seier Hervik.
Manglande kapasitet og kompetanse.
-Medan andre kommunar på Radøy sin storleik gjerne ei stilling knytt til nærings- og samfunnsutvikling, manglar Radøy kommune dette. Dette er svært uheldig, og fører dessverre til at Radøy kommune er for dårlige på næringsområdet. Samstundes er det også for få med plankompetanse i administrasjonen, noko som kan løysast med vidareutdanning, meiner Hervik.
-I tilfellet Fløholmen kunne ein person i ei næringsstilling fremja dialog og samarbeid, og ein ekstra ressurs med plankompetanse kunne gjort det lettare for kommunen å gått tyngre inn i saka. Dette må rådmannen sjå nærare på, fordi det er i Radøy kommune si interesse at Fløholmen AS og andre bedrifter lukkast i å realisere sine utviklingsplanar, seier Hervik.
Dårleg kommuneøkonomi.
-Radøy kommune har dårleg økonomi, men det er ei medviten prioritering som er gjort når ein har satsa på både kommunalsjef og rådgjevar i sentraladministrasjonen innan både helse og oppvekst. I staden for å tilsetje ny helserådgjevar når denne stillinga vert vakant ved nyttår, bør det vurderast å tilsetje ein nærings- og samfunnsutviklar. Dette kan vere eit nøkkeltiltak for å lukkast i å etablere ein positiv utviklingskultur i kommunen, seier Hervik.
Næringsutvikling har vore diskutert.
-Radøy Venstre har lenge peika på behovet for å setje nærings- og samfunnsutvikling på dagsorden. Mellom anna foreslo Venstre saman med Høyre i 2013 å starte opp eit næringsplanarbeid, men dette vart utsett å ta stilling til av fleirtalet heilt til arbeidet med ein regional næringsplan for Nordhordland skulle startast opp. For å unngå to parallelle planprosessar måtte eit lokalt næringsarbeid dessverre utsetjast, fortel Hervik.
-Rådmannen utarbeidde likevel eit notat på korleis ein skulle arbeide med næringsutvikling. Venstre oppfatta dette som positivt, men synest notatet var mangelfult. Mellom anna derfor ville me ha det tilbake som ei politisk sak, noko me opplevde at det var tilslutning til. Notatet er om lag eitt og eitt halvt år gammalt, og framleis ventar me på ei politisk sak, seier Hervik, som igjen vil etterlyse dette.
Les saka på http://www.strilen.no/nyheiter/-Kommunen-ma-hjelpa-naringslivet-233405.html