Med det nye inntektssystemet for fylkeskommunane kjem Sogn og Fjordane særleg dårleg ut. I følgje regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett, vil fylket måtte kutte utgiftene med om lag 247 millionar kroner over ein femårsperiode.
– Dei kutta som er føreslått blir for tunge å bere for fylket. Det vil medføre uakseptable kutt innanfor viktige tenester som vidaregåande skular, kultur og samferdsle, seier Sveinung Rotevatn.
På måndag legg Venstre fram sitt alternative statsbudsjett. Der føresler partiet å auke tapskompensasjonen til særleg utsatte fylkeskommunar med 60 millionar kroner kvart år over ein femårsperiode. Det blir totalt 300 millionar kroner i auka tapskompensasjon til fylkeskommunane.
– Med vårt forslag vil behovet for å kutte i fylkesøkonomien i Sogn og Fjordane bli om lag halvert. Det gjer at ein får effektivisert drifta der det er mogleg, men at ein samstundes kan verne om det vesentlege av tenester innbyggjarane, seier Rotevatn.
Neste veke startar forhandlingane mellom dei fire borgarlege partia på Stortinget om å få på plass neste års statsbudsjett. Rotevatn seier ei styrking av fylkeskommunane er ei prioritert sak for Venstre.
– Ei av våre viktigaste saker er satsing på kunnskap og utdanning. Då kan vi vanskeleg sitje og sjå på ein så kraftig reduksjon i Sogn og Fjordane som er førespegla. Det vil rett og slett gå for hardt utover dei vidaregåande skulane.
Venstre represenant i kommunalkomiteen, André Skjelstad, har vore på fleire besøk i Sogn og Fjordane den siste tida. Han seier at Venstre framlegg til tapskompensasjon er utarbeida i tett dialog med fylkeskommunane sjølve.
– Vårt forslag balanserer omsyna til å styrke tenestetilbodet i dei fylkene som i dag kjem dårleg ut, utan at det får uakseptable konsekvensar for distriktsfylke som Sogn og Fjordane. Eg registrerer også at å få på plass ein tapskompensasjon er ei høgt prioritert sak frå KS si side, og vi meiner at Venstre sitt framlegg er det som trengs for å sikre innbyggjarane gode tenester, seier Skjelstad.