-Me er heldige som har så mange flotte turstiar på Radøy, men ein del treng opprusting gjennom betre merking og skilting, samt klopper over særskilt våte område. Dette vil gjere turstiane vert meir tilgjengelege også for folk som ikkje er lokalkjende. Kanskje kan ein også få etablert nokre nye stiar, seier Frode Hervik, gruppeleiar i Radøy Venstre.
Turskiltprosjektet er eit nasjonalt skilt- og merkeprosjekt der Gjensidigestiftelsen og fylkeskommunane i fellesskap gir økonomisk støtte til merking, skilting og informasjonstiltak knytt til turruter.
-Radøy er ein fattig kommune, men frivillig innsats gjennom lag og organisasjonar, samt andre eldsjeler, utgjer ein kjemperessurs. Målet må vere at mange lag- og organisasjonar kan ta ansvar for skilting og merking, medan Radøy kommune bidreg med å administrere, koordinere og søkje midlar til eit turstiprosjekt, fortset Hervik.
-Det er mogeleg å nytte arbeidssenteret eller Aufera til å produsere klopper til bruk i særskilt våte område for ein billig penge. Desse og kostnader til skilt kan finansierast gjennom eksterne tilskot frå fylkeskommunen og ulike stiftelsar, slik at kostnadane for kommunen vert knytt til administrering og koordinering av prosjektet, seier Hervik.
Austrheim kommune har i fleire år hatt ei liknande ordning der kommunen samarbeider tett med lokale lag og organisasjonar, og Hordaland fylkeskommune har vist stor interesse for modellen, som kan overførast til andre kommunar.
-Fleire og betre turstiar med skikkeleg skilting og merking vil bidra til å få fleire ut på turar i skog og mark, og vil dermed bidra til meir fysisk aktivitet og betre folkehelse, samt gjere Radøy til ein endå betre plass å bu, seier Hervik.
Les oppslag om saka i Strilen laurdag 25.10