Tall Ship Races til Kvinnherad

Kvinnherad Venstre ynskjer Tall Ship Races til Kvinnherad!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Ope brev til ordførar og rådmann.

Eg las med glede saka i Grenda torsdag 23. oktober om at Tall Ship Races ynskjer å nytte Kvinnherad som gjestehamn i seilasen mellom Ålesund og Kristiansand. På Sunnhordland.no kan ein samstundes lese at hamnesjef Inge Espenes i Stord Kommune ikkje ynskjer at seilasen vitjar Stord grunna kostnaden på omlag 100.000 kroner. Han skuldar på låge besøkstal grunna ferietid. Noko som berre er ein fordel for Kvinnherad, som er eit ynda feriemål for båtturistar.

Her må Kvinnherad Kommune være om seg! Dette er med på å gjere Kvinnherad tydelegare som reise- og turistmål. Samstundes har ein høve til å lage ein stor folkefest for innbyggjarane. Ein kan berre tenkje seg synet av dei flotte skipa seglande inn fjorden til Rosendal.

I Kvinnheringen fredag 24. oktober står gladmeldinga frå ordføraren om at Kvinnherad Kommune vert kompansert 116.667 kroner for stålunderstellet vi har husa i fjorden mellom Kvinnherad og Stord. Desse midlane kan ein nytte for å finansiere besøket.

Kvinnherad Venstre ynskjer:

at rådmannen sett opp sak til Formannskapet og kommunestyret om å nytte beløpet Kvinnherad Kommune fekk i kompensasjon frå Kværner, 116.667 kroner, til å finansiere besøket.
at rådmannen undersøkjer om det er mogleg å få det lokale næringslivet med på å eit spleiselag for å få besøket fullfinansiert.

Kent Are Kjørsvik Petterson
Leiar, Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**