Venstre vil ha nullmoms for avisene

Norsk mediebransje er i krise. Lokalavisene treng eit klapp på skuldra, men moms på 8 prosent er ikkje det. Venstre går til budsjettforhandlingane i Stortinget for å få til nullmoms.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det er ikkje lesarane som blir borte, men inntektene. Meir enn noen gong er det behov for ein aktiv og moderne mediepolitikk.

Jan Kløvstad nær

Foto: Arendal Venstre

Eg meiner regjeringa tar eit steg i riktig retning med forslag om lik redusert moms på digital og tradisjonell papirbasert journalistikk. Men det trengs grep med meir kraft. Sidan momsloven blei innført i 1969 har Norge vore blant landa i Europa med dei beste rammevilkåra for kvalitetsjournalistikk. Det bør vi fortsatt vere.

Regjeringa vil innføre lik redusert moms på digital og tradisjonell papirbasert journalistikk. Venstre er einig i at desse to kanalane bør stillast likt, men 8 prosent moms på papiravisene kan bety kroken på døra for mange lokalaviser. Noen blikk på årsmeldingar, rekneskapar og referat frå generalforsamlingane i avisene gir oss innblikk i ein vanskeleg situasjon for fleire aviser. I Agder er vi heldige å ha Vennesla Tidende, Fævennen, Budstikka, Lindesnes Avis, Farsunds Avis, Avisen Agder, Sirdølen på nett, gratisavisa Kristiansands Avis, Aust-Agder Blad i Risør, ÅmliAvisa, Tvedestrandsposten, Arendals Tidende, Frolendingen, Setesdølen, BirkenesAvisa, Lillesandsposten, Grimstad Adressetidende og Agderposten. Vi vil at desse avisene skal ha gode vilkår. Det er ingen grunn til å legge avgifter på det frie ordet fordi om det blir publisert med annan teknologi enn trykk og papir.

Fleire og fleire les journalistiske artiklar og informasjon digitalt. Annonsørane finn nye og andre kanalar enn papiravisene. Inntektene for både store og små aviser stuper. Dramatikken i mediebransjen nå gjer at den frie og uavhengige journalistikken, ein av pilarane i demokratiet, står på spel. Stortingets rolle må vere å styrke kvalitetsjournalistikken, ikkje strupe den.

Endringar må alle i gjennom, men god mediepolitikk vil likevel gjere arbeidet enklare. Vi har fått klare forsikringar om at Venstres stortingsgruppe vil arbeide for å betre vilkåra for journalistikken i haust gjennom å sikre avgiftsfri kvalitetsjournalistikk, både på papir og på nett. I 1969 vedtok Stortinget at vi ikkje skulle avgiftslegge kvalitetsjournalistikk. Venstre vil bidra til at dette viktige prinsippet blir vidareført i Grunnlovsåret 2014.

Jan Kløvstad
Fylkessekretær i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**