Nyhendebrev veke 42

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn har sendt ut nyhendebrev for veke 42:

Hei. Denne veka har vore prega av arbeidet med Venstres alternative statsbudsjett. 3. november skal vi presentere våre prioriteringar, og deretter går vi i forhandlingar med KrF og regjeringspartia for å bli samde om eit budsjett som kan få fleirtal i Stortinget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Nyhendebrev frå Sveinung Rotevatn

Nyhendebrev frå Sveinung Rotevatn

At det faktisk er mogleg å påverke eit statsbudsjett etter at det er lagt fram er ikkje noko ein har vore vant med i Noreg dei siste åtte åra, men no byrjar det å gå opp for ein del. Det merkast, både i kalenderen og telefonloggen. Har du meiningar om kva Venstre skal prioritere er det sjølvsagt berre å ta kontakt!

VEKE 42:

På Stortinget:

Replikk på statsråd Jan Tore Sanner i den munnlege spørjetimen. Temaet var fattigdomsprofilen i statsbudsjettet, men det kom ikkje noko godt svar. Overraskande nok.

Møte i Europautvalet. Tema: EUs finanstilsyn, ny EØS-kontingent, forhandlingar om fiskekvoter og innspel til EUs nye klimarammeverk. Regjeringa lobbar og står på.

I media:

NRK Sfj (radio): Kjekling med Bjørn Hollevik (H) om vegløyvingar i statsbudsjettet.

NRK Sfj (nett): Fornya optimisme i vindkraftbransjen etter nye reglar

Dagens Næringsliv: – Sløsing av offentlige midler (PDF vedlegg)

Studvest: Studentopprør mot skolepenger

Dagbladet: – Det er hyggelig å spise kake, men det har aldri løst noe fattigdomsproblem

Dagbladet: Fattig i verdas rikaste land

NRK1: Telefonpanel i TV-aksjonen. Med eit plutseleg besøk av søskena mine i studio, som skulle spele med Razika:

På tur:

Sundvollen: Debatt om fattigdom på konferanse med m.a. Kirkens bymisjon

Bergen: Debatt i Studentersamfunnet

Andre møte og arrangement:

Føredrag om attføringspolitikk for bedrifta Avans.

Landsstyremøte i Venstre

Venstres landskonferanse (sjå Trines tale her).

FØREBELS PLAN FOR NESTE VEKE:

Måndag: Oslo Freedom Forum, møte med Vestlandsrådet
Tysdag: Høyring om Venstre forslag om nasjonal minsteløn, komitémøte
Onsdag: Møte med Det norske teatret, gruppemøte
Torsdag: Vestlandsdebatt hos NRK Hordaland (Bergen)
Fredag: Møte med stortingsbenken m.fl., tale til Elevorganisasjonen SFj (Førde)
Laurdag: Unge Venstres landsmøte
Søndag: Unge Venstres landsmøte


Liberal helsing

Sveinung Rotevatn
Stortingsrepresentant (V)
Tlf: 95146487

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**