Ja til nullmoms

– Norsk mediebransje er i krise. Det er ikkje lesarane som blir borte, men inntektene. Meir enn nokon gong er det behov for ein aktiv og moderne mediepolitikk. Regjeringa føreslår steg i rett retning kva gjeld moms, men det trengs meir kraftfulle grep, skriv Venstres nestleiar Terje Breivik i Dagens Næringsliv.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Terje Breivik - Sidan lov om meirverdiavgift vart innført i 1969 har Norge vore blant landa i Europa med dei beste rammevilkåra for kvalitetsjournalistikk. Nå må vi vakte oss så vi ikkje rykkjer ned frå topplasseringa, skriv Breivik.

Terje Breivik – Sidan lov om meirverdiavgift vart innført i 1969 har Norge vore blant landa i Europa med dei beste rammevilkåra for kvalitetsjournalistikk. Nå må vi vakte oss så vi ikkje rykkjer ned frå topplasseringa, skriv Breivik.
Foto: Bård Ek

Avisinnlegg

Av Terje Breivik, nestleiar i Venstre

Interessa for kvalitet og godt innhold er like stor som før, men journalistikken finn nye vegar, nye kanalar. Sidan lov om meirverdiavgift vart innført i 1969 har Norge vore blant landa i Europa med dei beste rammevilkåra for kvalitetsjournalistikk. Nå må vi vakte oss så vi ikkje rykkjer ned frå topplasseringa.

Les innlegget i DN

Avgiftslegging
I dag er det momsfritak på papiraviser, medan nettaviser har normalmoms på 25 prosent. Kvifor journalistikk som vert distribuert gjennom digitale kanaler skal avgiftsleggast, men ikkje om same artikkel vert prenta på papir, har ingen gjeve gode svar på. Moms på journalistikk er innført i Norge utan at Stortinget nokon gong har drøfta dette.

No tek regjeringa grep. I budsjettforslaget for 2015 vil dei innføre lik redusert moms på digital og tradisjonell papirbasert journalistikk.

— For regjeringa er det viktig at bransjen sjølv vel kva distribusjonskanal avisene skal formidle innholdet sitt gjennom, heiter det frå Kulturdepartementet.

Les GD: Venstre har bestemt seg og går inn for nullmoms også for e-aviser og nettaviser.

Null moms på alt innhald
Venstre er samd i det. Og einaste logiske konsekvens av ei slik haldning er å føre vidare nullmomspolitikken som har vore så vellukka i over 40 år. Då er det heller ikkje berre digitale produkt som er lik papiravisene som må omfattast av nullmomsregimet. I så fall vil vi stå utan mediepolitikk den dagen papiravisene ikkje lenger er liv laga. Digital nullmoms må gjelde alt redaksjonelt innhald som ville hatt nullmoms i papirform.

Det er ingen som helst grunn til å avgiftsleggje det frie ord fordi om det vert publisert med annan teknologi enn trykk og papir. Diverre var den raudgrøne regjeringa av ei anna oppfatning. Dei skauv det europeiske overvakingsorganet for EØS-avtalen, Esa. føre seg. Esa vil ikkje godta at det norske momsregimet på journalistikk blir ført vidare i ei digital røynd, var påstanden. Og lite eller ingenting skjedde politisk for å motverke den kritiske utviklinga.

Trygging av kvalitetsjournalistikk
Spørsmålet er om påstanden held stikk? Argumenta og fakta tyder på det motsette: Nullmomspolitikken har ei kulturpolitisk, mediepolitisk og språkleg grunngjeving. Ulike EU-land tek aktive grep for å trygge kvalitetsjournalistikken. Frankrike innfører to prosent moms på digital journalistikk. Lågmoms vert vurdert i fleire land. Det er all grunn til å møte Esa med ei offensiv tilnærming. Vi har vore best i klassen, og vi har gode argument for politikken vår.

Fleire og fleire vel å lese journalistiske artiklar og informasjon digitalt. Annonsørane finn nye og andre kanalar enn papiraviser for reklamekronene sine. Inntektene for mediehusa, store som små, stuper.

I økonomiske nedgangstider er det ikkje overraskande at bransjen leitar etter løysingar og praksis som reduserer kostnadene. Journalistikk prega av «klipp-og-lim» utan kreditering, og reklame kledd ut som redaksjonelt innhald, er to trekk i tida. Saman med betydeleg færre redaksjonelle ressursar øydelegg dette gradvis rolla pressa har som kritikar og overvåkar.

Vi må gjere omstillinga enklare
Endringar må alle i gjennom, enten det er lokalavisa heime på Voss eller VG i Akersgata. Stortinget kan ikkje løyse dei grunnleggjande problema i mediebransjen. Den viktigaste jobben må dei gjere sjølve.

God mediepolitikk vil likevel gjere arbeidet enklare. Stortinget kan betre vilkåra for journalistikken i haust gjennom å sikre avgiftsfri kvalitetsjournalistikk, uavhengig om han er mangfaldiggjort på papir eller på nett.

Dramatikken i mediebransjen gjer at den frie og uavhengige journalistikken, ein av pilarane i demokratiet, står på spel. Stortinget slo i 1969 fast at vi ikkje skulle avgiftsleggje kvalitetsjournalistikk. Venstre vil bidra til at prinsippet blir vidareført i Grunnlovsåret 2014.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**