I løpet av vitjinga vil Raja få høve til å sjå på lokale forhold både når det gjelder samferdsel og anna rundt om i dalen. Besøket startar med å køyre igjennom den nye tunellen mellom Sokna og Ørgenvika, før turen går vidare oppover dalen. Det er til og med lagt opp til en sykkeltur frå Svenkerud til Gol! Vegpakke Halingdal vil vere eitt av tema som blir teke opp.
Han skal innom Gol stasjon og få høyre om planane som er for vidareutvikling av Gol stasjon, før turen går vidare til Hemsedal. Rv 52 både Gol -Robru og vegstrekningen gjennom Hemsedal og over Hemsedalsfjellet, vil vera tema.
Måndag kveld den 27. oktober kl 20.00 vil det eit ope møte i regi av venstrelaga i Hallingdal. Tema for møtet blir i hovudsak veg og bane, men også meir den aktuelle politiske situasjonen. Dagen etter skal Abid Raja ha eit møte med elevar og tilsette ved Læringssenteret på Gol. Der vil integrering og opplæring i hovudsak vere tema.
Detaljert program:
kl 0800 Avreise Oslo
kl 1000 Ankomst Ørgenvika. Køyre til Flå (Vegpakke Hallingdal)
kl 1030 Flå sentrum.
kl 1130 Lunch Flå
kl 1230 Avreise til Gol. Men med ein gangvegavstikkar til Tuv
kl 1315 Svenkerud. Sykkeltur til Gol stasjon (9 km) langs rv 7
(strekningen har ikkje gangveg, men burde hatt det!)
kl 1320 Møte i busslomme i Engene med Engene Grendalag
kl 1330 Sykle vidare
kl 1400 Gol stasjon. Møte på stasjonen med JBV
kl 1430 Avreise til Hemsedal (Strekningen Gol-Robru)
kl 1500 Hemsedal sentrum.
kl 1600 Middag
kl 1700 Avreise til Gol. Men med ein gangvegavstikkar til Tuv
kl 1800 Tid til disposisjon
kl 1900 Møte med Lokallagsleiarar fylkestingsgruppa og fylkesleiar.
kl 2000 Ope møte i regi av venstrelaga i Hallingdal:
Tema: Samferdsen, dagens politiske situasjon
Dag 2
kl 0830 Opplegg på læringssenteret med elevar og tilsette
Tema: integrering, opplæring og venstres invandrings-
politikk. Møte med 1-2 klassar samtale med rektor
inspektør, koordinator Introduksjonsprogram, flyktningkonsulent
kl 1030 Avreise til Ål
kl 1100 Lunch
kl 1200 Møte Ål og Hol
Desse blir med heilt eller delevis på heile opplegget:
Erik Hôrluck Berg, nestleiar Buskerud Venstre
Helge Stiksrud, gruppeleiar fylkestinget
Sissel Urke 2. kandidat fylkestingslista
Hallvor Lilleslett, ordførar