Under landskonferansen retta Venstre-ordførarane hardt skyts mot statsbudsjettet. Ordførarnettverket var i helga samla i Oslo for å diskutere Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. I møtet vart det gitt ei krystallklar melding til Venstre si stortingsgruppe om å køyre eit hardt løp i forhandlingane om statsbudsjettet.
Vil ha konkrete satsingar
– Det er direkte provoserande at Regjeringa ikkje følgjer opp samarbeidsavtalen som vart signert av H, Frp, V og Krf i fjor. I staden for å stå på avtalen, reverserer regjeringa viktige gjennomslag Venstre fekk – mellom anna for å styrke kommune-økonomien. Det kan ikkje Venstre finne seg i, seier Alfred Bjørlo.
Venstre sine ordførarar og varaordførarar er naturleg nok særleg opptatt av kommunane sine høve til å gi gode tenester til dei som treng det mest. Venstre sitt ordførarnettverk stiller no tre felles krav til endringar i statsbudsjettet:
Reversering av kutt i allereie framforhandla semje om støtte til kommunene si oppfølgjing av personar med særleg store hjelpebehov, såkalla «ressurskrevjande brukarar». Ordninga må óg omfatte brukarar eldre enn 67 år
Barnevernet må tilførast ekstra ressursar
Auka overføring til busetjing av flyktningar – særleg mindreårige
Vil ha budsjett i tråd med samarbeidsavtalen
– Dette er oppgåver som er svært tyngande i ein stram kommuneøkonomi. Vi føreset at Venstre set desse sakene på dagsorden i budsjettforhandlingane og oppnår betre rammevilkår for kommunene, påpeikar Venstre sine ordførarar og varaordførarar.
– Venstre si stortingsgruppe må forhandle fram eit budsjett som er i tråd med samarbeidsavtalen. Venstre sine ordførarar og varaordførarar deler fullt ut dei skarpe reaksjonane på Regjeringa sitt budsjettforslag frå Venstres stortingsgruppe. Vi gir våre forhandlarar vår fulle støtte, seier leiar av Venstres ordførarnettverk, Alfred Bjørlo.
Meir informasjon: Venstres ordførarnettverk.