Intervju med Terje Breivik i avisa «Hordaland»

Ulvikjen og nestleiaren i Venstre, Terje Breivik, er intervjua over to sider i dagens utgåve av avisa «Hordaland». Han påpeikar mellom anna at statsbudsjettet er for svakt på ei rekkje viktige saker for Venstre, men me har heldigvis gode moglegheiter for å påverka politikken gjennom forhandlingar med regjeringa! Regjeringa har ikkje fleirtal utan Venstre og KrF.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Terje Breivik peikar særskilt på den manglande klima- og miljøprofilen i budsjettet, og ønskjer ei sterkare satsing på til dømes jernbane, kollektivtrafikk og skattefrådrag for enøktiltak i private heimar, for å nemna noko. Elles påpeikar han at Høgre og Frp-regjeringa i for lita grad fokuserer på morgondagens arbeidsplassar, og at budsjettet ikkje reflekterer ei tilstrekkeleg satsing på sosiale rettar for næringsdrivande eller tiltak for å auka tilgangen på risikovillig kapital for gründerar og nyskapande bedrifter. Den svake sosiale profilen har òg blitt nemnt som utfordrande for dei vidare forhandlingane mellom regjeringa og samarbeidspartia Venstre og KrF.

Terje Breivik

Foto: Christin Eide

Terje peikar elles på at han er særskilt oppteken av gode innspel på saker frå Hordaland. Me vonar at dei som har relevante, viktige saker for Voss og Hardanger, no nyttar sjansen til å ta kontakt med Terje direkte eller folk frå lokallaga i Voss og Hardanger.

Les heile intervjuet med Terje i dagens utgåve av «Hordaland».

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**