– Eg registrerer også at Frp og Høgre sine politikarar i dette fylket, set si lit til at Venstre og Krf skal ordne opp, det seier sitt! seier Stang oppgitt
Stang er særleg uroa for at regjeringa ikkje har gjort noko for å rette opp ulempene det nye inntektssystemet har for Sogn og Fjordane. Så langt har ein tenkt at situasjonen for dette fylket er ein utilsikta konsekvens av inntektssystemet, og at regjeringa ved dette høvet ville gripe sjansen til å rette opp i den skeivheita som Sogn og Fjordane er eit offer for. No må ein nesten tru at konsekvensane er tilsikta seier Stang. Det vil seie at vi har ei regjering som med opne auge tek sjansen på at våre ungdommar til dømes kan ende opp med vesentleg dårlegare utdanningstilbod på vidaregåande enn i andre fylke.
Inntektssystemet vårt handlar om å bruke staten sine inntekter til å skape likeverdige tilbod til borgarane, ikkje fordele pengar likt pr hovud. Det er jo sjølve grunntanken i velferdstaten vår.
Stang er også skuffa på andre områder, her har Frp og Høgre levert langt under forventningane dei har skapt til samferdslesatsing. Stang er også skuffa over at regjeringa ikkje fann rom for å berge Sogn jord- og hagebruksskule.
—–
For meir informasjon, kontakt Gunhild Berge Stang, | mob: +47 97653785