– Eg hadde forventa meir. Rett nok er det eit par viktige lyspunkt, som meir pengar til Høgskulen og til Opera Nordfjord, men elles var dette eit vonbrot, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V).
Rotevatn peiker særleg på samferdslesektoren som eit område der det var grunn til å vente seg meir.
– Høgre og Frp har skapt enorme forventningar til vegsatsinga i fylket. Det er positivt at det har kome meir til vedlikehald av tunnelar, men for riksvegane er det ingenting nytt. Mest skuffande er det at ein ikkje har fått i gang oppstartsløyvingar til E39 Bjørset-Skei. Dessutan ligg det inne eit kutt på 70 millionar på Rv15 Otta-Måløy, noko som vil medføre bråstopp i gang- og sykkelvegsatsing i Nordfjord.
I lys av dei alvorlege kutta fylkeskommunen har lagt opp til innanfor skule, kultur og samferdsle, er Venstre overraska over at det ikkje kjem framlegg om tapskomensasjon for Sogn og Fjordane.
– Skal vi unngå ei svekking av dei vidaregåande skulane våre, må vi unngå at fylkeskommunen må ta så harde kutt som det no vert lagt opp til. Venstre vil jobbe for å få på plass ei tapskomensasjonsordning, seier Rotevatn.
Provosert av manglande miljøsatsing
Vidare peikar Venstre på større og mindre prosjekt som dei meiner burde fått støtte, til dømes opprusting av Sogn jord- og hagebruksskule, 20-minuttsavgangar på Lote-Anda og nynorsk avissenter i Førde.
I det store biletet er Venstre positive til mange av satsingane innanfor forsking og høgare utdanning, samt lågare skattar for næringslivet. Men miljødelen av budsjettet meiner partiet er ein rein provokasjon.
– Det er bortimot uforståeleg at ei regjering som brukar så store ord om klimautfordringane i realiteten føresler å ta landet vårt i feil retning på dette området. I budsjettet ligg det inne ein reell nedgang i drivstoffavgiftene, milliardkutt i bilavgifter, og ingen forsøk på å vri skattesystemet vårt i grønare retning, seier Rotevatn, og held fram:
– Det einaste positive eg kan sjå på miljøområdet er at ein omsider får på plass grøne avskrivingsreglar for fornybar energi. Dette har Venstre etterlyst lenge, og det vil medføre meir utbyggjing av vind- og vasskraft. Det er bra.
Regjeringa har ikkje fleirtal på Stortinget, og må no gå i forhandlingar med KrF og Venstre for å sikre at statsbudsjettet kan vedtakast mot slutten av hausten. I desse forhandlingane varslar Venstre at dei vil stille tøffe krav.
– Det einaste som er sikkert er at utkastet til statsbudsjett som Siv Jensen la fram i dag, ikkje vil vedtakast i desember, seier Sveinung Rotevatn.