Knut Olav Nestås på topp for Voss Venstre

Arbeidet i Voss Venstre med vallista til kommunevalet neste år er godt igang. Det er alt avklara at Knut Olav Røssland Nestås vil stå øvst på lista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Listetopp i 2011, og noverande gruppeleiar, Torstein Gunnarson, har sagt frå at han ikkje er aktuell til topplassen på lista i 2015.

Voss: Nestås

Foto: Stine Hernes

Knut Olav Nestås er no inne i sin andre periode i kommunestyret, er varagruppeleiar for Venstre, er medlem i Utval for næring og tiltak og vararepr. til formannskapet.

Av dei noverande 5 Venstrerepresentane i kommunestyret har også Rolf Abrahamsen takka nei til ein av dei øvste plassane på lista.

Alle som stod på lista ved valet i 2011 er spurde om dei vil stilla på nytt. Andre vil bli spurde framover. Nominasjonsnemnda vil gjerne ha kontakt med unge og eldre personar som bryr seg om utviklinga av Vossabygda, og som er sympatisk innstilt til Venstre sin politikk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**