Følg lenkja: skjemakutt.no
Vi veit at lærarane må bruke mykje tid på krav om rapportering, testing og kontroll. Det meste skal registrerast og dokumenterast, anten til skuleleiinga, skuleeigar, eller mydigheitene. Vi veit at skjemaveldet er ein tidstjuv, men det er lærarane som veit kva skjema som er unødvendige. Difor inviterer vi no lærarane til å gje oss innspel på kva skjema vi kan og bør kutte.
Venstre vil redusere sentralstyring, rapportering og skjemavelde. Mykje kartlegging, både i barnehagen og i skulen, er innført med gode hensiktar, men resulterer i kartlegging for kartlegginga si skuld. Vi treng di hjelp til dette. Kva skjema er mest unødvendig? Kva tek mest tid?
Vi håpar du vil bidra til arbeidet vårt for å lette arbeidspresset for lærarane, slik at dei kan bruke mest mogleg tid på elevane sine.
Følg lenkja: skjemakutt.no
Fortell gjerne andre om denne nettsida, anten på sosiale medier eller på lærarrommet!