Sykkelbyen Stord

Sykkelmosjonist Harald Olsen saknar sykkelvegar på Stord, og skulle gjerne ha fleire sykkelparkeringsplassar i eit lesarbrev 29. September. Geir Angeltveit svarar at denne satsinga er i full gong i kommunen, og at dette er viktig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


– Dette lesarbrevet var på trykk i 02.10.14

Eg er ikkje ordførar, men eg vågar meg å vera så freidig å svara sykkelmosjonist Harald Olsen i Sunnhordland tysdag.

 Geir Angeltveit på jakt etter sykkelstativ i sentrum.

Geir Angeltveit på jakt etter sykkelstativ i sentrum.

Eg har full forståing med at ein vert utolmodig, me i Venstre er også utolmodige, men det skjer faktisk ein del på sykkelfronten på Stord. Strekninga Sagvåg-Heiane-Leirvik-Rommetveit ei sentral transportakse for syklistar. Her går dei største trafikkstraumane mellom daglege aktivitetar og knutepunkt. Ein er i dag rett over halvegs tilfreds med tilhøva, der omtrent 32 av 78km framleis treng nokre tiltak og krav, før ein har ei tilfredsstillande samanhengande system. Ein er utilfreds med strekninga Heiane-Leirvik, det same gjeld Sagvåg-Dåfjorden, og Litlabø-Leirvik mm. I Prosjektrapporten «Grøntstruktur, turvegar og gang-sykkelvegar på Stord» kan ein lesa meir om dette.

Ein arbeidar med konkrete planar som skal betre tilhøva for syklistane, og ein kan nemna; at Statens Vegvesen no meldar at det vert oppstart av arbeid med reguleringsplan for miljøgate med gang-/sykkelløysing gjennom Leirvik. Hovudmålet er å avsetje areal som sikrar ei god løysing for miljøgate med tilrettelegging for mjuke trafikantar. I skissene til Nye Torget er det også tiltenkt både sentral sykkelparkering og dedisert sykkeltrasé gjennom sentrum. Og då me i vår diskuterte trasé for E39 Heiane-Nordre Tveita tok me også opp viktigheiten av å få på plass ein god og solid sykkelveg i planane.

I revidert statsbudsjett fekk Venstre på Stortinget gjennomslag for ei belønningsordning for kommunar som satsar på sykkelvegar. Dette er ein start, som eg har trua på at kan gje grobotn for vidare sykkelsatsing i mange norske kommunar.

Sykkelen har mange venar i Venstre, og i kommunestyret på Stord. Sjølv med tronge økonomiske kår forstår alle verdien av ein god infrastruktur også på sykkelfeltet. Så om ein er hardbarka «syklofil» eller nyttar el-sykkel for å køyra til jobb, så skal ein ha eit alternativ. Det er positivt for klimaet, for folkehelsa, for lokalmiljøet og ikkje minst for kvar og ein si lommebok.

Med liberal helsing,
Geir Angeltveit

Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**