Vil ha ferjer med nullutslepp

Geir Angeltveit i Stord Venstre og lokallagsleiar Kent Are Kjørsvik Petterson i Kvinnherad Venstre ønskjer å få fart i debatten om framdrifts- og miljøteknologiske nyvinning i sjøfarten. Duoen ønskjer ferjer med nullutslepp i fjorden.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


— Det trengst nytt ferjemateriale ved mange norske samband, samstundes pressar det seg fram eit behov for meir miljøvennleg framdriftsteknologi. Allereie i dag finst det teknologi som gjer det mogleg å driva ferjer utan noko utslepp av CO2, NOx, svovel eller partiklar. Løysinga er å la ferjene gå på anten reine batteriløysingar, eller ein kombinasjon av batteri og brenselsceller drivne av hydrogen, basert på fornybar energi.

Duoen ønskjer å få til eit pilotprosjekt med batteri- eller hydrogendrivne ferjer i Kvinnherad.

 Kent Are Kjørsvik Petterson og Geir Angeltveit her ved Søral aluminiumsverk i Kvinnherad, der dei ser for seg at ein hydrogenfabrikk kan plasserast.

Kent Are Kjørsvik Petterson og Geir Angeltveit her ved Søral aluminiumsverk i Kvinnherad, der dei ser for seg at ein hydrogenfabrikk kan plasserast.
Foto: Mamma til Kent Are

— Leiande aktørar innan maritim sektor i Sunnhordland har spisskompetanse innan skipsdesign, gassdrivne skip og elkraft-løysingar. Desse deltek gjerne i diskusjon rundt tekniske løysingar for å ta eit steg vidare mot ein meir miljøvennleg skipsfart, seier Angeltveit

Ved å legga til rette for utsleppsfrie ferjer i Hordaland, meiner han at ein vil få på plass infrastruktur for hydrogen, og det vil i sin tur gjera det meir attraktivt for resten av kystflåten å gå over til utsleppsfri framdrift.

— Det er fire ferjestrekningar i Kvinnherad. Desse ligg nær kvarandre, nærmare enn ein finn andre ferjestrekningar i fylket, skriv Angeltveit.

— Me har eit næringsområde klart i fjøresteinane rett i nærleiken av Søral, dette kan vera ein utmerkt stad for lokalisering av eit anlegg for produksjon av hydrogen, basert på fornybar energi, seier partifellen på den andre sida av fjorden.

— Eit slikt anlegg kan lokaliserast på Husnes, som ligg sentralt med tanke på både kraftproduksjon i Kvinnherad, og dei aktuelle ferjesambanda, seier Petterson.

Hydrogen kan produserast ved hjelp av elektrolyse av vatn. I tilknyting til aluminiumsverket på Husnes, finn ein infrastruktur på elkraftsida som trengst for denne produksjonen.

— Ferjemateriellet i fjordane er gamle og utslitne, med stadige driftsproblem. Det er eit reelt behov for utskiftingar i ferjeflåten. Ei slik utskifting vil vera bra for miljøet, og me kan få raskare ferjer, slår Geir Angeltveit fast.

Dei to politikarane vil ha dette inn i Hordaland Venstre sitt fylkestingsprogram i samband med valet neste år.

— Me er trygge på at Venstre er med, men håpar at andre lokalpolitikarar i Sunnhordland kan oppmoda sine fylkeslag til det same, står det i pressemeldinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**