Regjeringa sviktar små og mellomstore verksemder

Både på Voss og i landet elles er små og mellomstore verksemder sjølve ryggrada i næringslivet; difor er det òg avgjerande at regjeringa legg seg mest mogleg i selen for å skapa gode føresetnader for verdiskaping og nyskaping.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Dette innlegget var på trykk i avisa «Hordaland» torsdag 25. september:

Venstre er forundra og skuffa over at regjeringa protesterer mot at norske små og mellomstore verksemder skal ha like gode lånevilkår som verksemder i nabolanda våre.

Lommebok, penger

Foto: Microsoft

EU har letta på kapitalkrava for lån til små og mellomstore verksemder. Regjeringa seier at dei ikkje vil innføra reglane i Noreg, og har varsla kamp mot EU, norske verksemder og bankane sine interesser.

Dei seinare åra har kapitalkrava til bankane blitt skjerpa som følgje av finanskrisa. SSB har analysert følgjene, og slår fast at investeringsviljen til næringslivet vil bli lågare til neste år enn i år. Noreg har òg klar fallande tendens på ulike internasjonale innovasjonsstatistikkar.

Både på Voss og i landet elles er små og mellomstore verksemder sjølve ryggrada i næringslivet. Når nye verksemder etablerer seg samstundes med at eksisterande verksemder utviklar seg, skapar og opprettheld næringslivet arbeidsplassar og sikrar framtidig velferd. Dette er òg avgjerande for at Voss skal veksa og realisera potensialet me har i indre Hordaland.
Å gjera det enklare for verksemdene våre å få finansiering og skapa verdiar burde difor vera ei sjølvsagt oppgåve for oss politikarar.

Venstre har tatt opp problemstillinga om kapitalkrav for små og mellomstore verksemder med regjeringa fleire gonger. Så langt utan tilfredstillande svar . Venstre vil framleis utfordra regjeringa og bruka taburettane våre for å betra vilkåra for små og mellomstore verksemder. Gründerar og bedriftseigarar; folk som tek sjansar for å skapa verdiar fellesskapen nyt godt av, må heiast fram, ikkje hindrast unødvendig.

Terje Breivik, stortingsrepr. for Hordaland og medlem i finanskomiteen, Venstre

Knut Olav Nestås, kommunestyrerepr. og medlem i næringsutvalet i Voss kommune, Venstre

Terje Breivik

Foto: Bård Ek

Voss: Nestås

Foto: Stine Hernes

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**