Nominasjonsmøte for Hordaland Venstre er fastsett

Hordaland Venstre har fastsett nominasjonsmøtet for fylkestingslista til fredag 14. november 2014 på Hotell Scandic Ørnen i Bergen. Lokallaga må nå velje utsendingar til møtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Vi startar møtet kl. 18:00 (oppmøte og registrering frå kl. 17:00) og sluttar av med middag i 21-tida.

Lokallaga må i god tid før nominasjonsmøtet arrangere medlemsmøte for å velje utsendingar frå laget. Dei valde utsendingane vil deretter bli kalla inn til nominasjonsmøtet. Delegatane valde av lokallaga må ha medlemsrettar i partiet for å kunne møta på nominasjonsmøtet.

Laurdag 15. november vert det arrangert ei fylkessamling med valkampkickoff same stad, med innlegg og debattar på ulike tema. Program for denne samlinga finn du her.

Informasjon om antal utsendingar per lag og om prisar er sendt lokallagsleiarane.

Eit særskilt fullmaktskjema skal fyllast ut og returnerast innan 27. oktober

Vi venter på påmelding fra fleire lokallag!!

Med helsing

Hordaland Venstre

Geir Kjell Andersland Gro Gjelsvik
fylkesleiar fylkessekretær

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**