Noreg treng forbod mot dumping

Det må bli slutt på at norske myndigheiter med opne auge brukar norske fjordar som avfallsplassar. Store område vert øydelagde for godt. Venstre vil ha slutt på dumping av gruveavfall i fjordane våre. Noreg treng eit forbod mot sjødeponi.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Av Trine Skei Grande, leiar i Venstre, Alfred Bjørlo, sentralstyremedlem i Venstre og Gunhild Berge Stang, leiar i Sogn og Fjordane Venstre

Nei til fjorddeponi

Foto: Linda Ness Rotihaug

I sommar besøkte vi Finnmark og fekk sjå eit av dei verste døma på miljøhærverk i norsk natur i nyare tid: den såkalla slambanken i Bøkfjorden. Slambanken består av gruveavfallet etter gamle AS Sydvaranger som dreiv med massedumping fram til 90-tallet. Som konsekvens av dette er store deler av Bøkfjorden, ein nasjonal laksefjord, så fylt opp med gruvemassar at det går an å gå tørrskodd ut på avfallsmassane. Å sjå dette på nært hald, gav eit varig sterkt inntrykk. Ikkje minst med tanke på at denne omfattende øydelegginga av ein norsk fjord skjedde med løyve frå norske politikarar og miljømyndigheiter.

No kan dette gjenta seg. Stigande prisar og aukande etterspurnad gjere det stadig meir lønsamt å utvinne norske mineralkjelder, og ulike gruveselskap pressar på for å få nye løyve. Førdefjorden i Sogn og Fjordane og Repparfjorden i Kvalsund i Finnmark står i akutt fare for å bli nye avfallsplassar. Søknadene som no er til behandling, vil føre til storstilt miljøforureining om dei går gjennom: I Repparfjorden er det 230 tonn med koparhaldig gruveslam som skal dumpast ut i fjorden kvar time i minst 20 år. I Førdefjorden er det søkt om at heile 690 tonn med gruveavfall og kjemikaliar skal dumpast ut i fjorden, kvar time, i 50 år. Av dette er det snakk om årleg dumping av 600.000 tonn med heilt fin masse og 3000 tonn Tio2-nanopartiklar, som er særleg skadeleg for sjølevande organismar. Begge fjordane er nasjonale laksefjordar, og Førdefjorden er dessutan ein viktig gytestad for sild og torsk.

Fiskeridirektoratet har lagt ned innsigelse mot planane, og Havforskningsinstituttet har ved fleire høve klart rådd i frå om det planlagde fjorddeponiet, nettopp på grunn av dei negative konsekvensane for gyteplassane i fjorden. Dei omsøkte utsleppa av gruveavfall, kjemikaliar, tungmetall og nanopartiklar i fjordane, bryt med intensjonane i både nasjonal og internasjonal lovgjeving, Naturmangfaldslova og Vannrammedirektivet. Forvaltninga av naturressursane opp mot miljølovgjevinga har vore for svak. Her må spesielt Arbeiderpartiet ta ansvar, som i alle år ved makta sette økonomisk gevinst for gruveselskapa framfor miljøomsyn. Seinast i 2013 kom dåverande regjering Stoltenberg med ein ny mineralstrategi som medvite let vere å forby dumping av gruveavfall i fjordar.

Noreg kan ikkje halde fram med ei forvaltning som gjere gruvedrift lønsamt ved å sende rekninga til lokalsamfunn, fiskarar, sjømatnæring, reiseliv og komande generasjonar. Vi må begynne å sette vilkår og krav til mineralindustrien før vi gjev løyve til gruvedrift. Det er no på høg tid at det kjem eit forbod mot dumping av gruveslam i Norge, slik det er i mange land. I tillegg må vi sette miljøkrav som omfattar alternativ bruk av overskotsmassar og tilbakefylling av restmassane i gruver. Dessutan bør lokalsamfunn få ein større del av gevinsten frå mineralutvinninga, sidan dei også må bere “kostnaden” ved store landskapsinngrep. Det er på tide å stramme opp både regelverk og forvaltningspraksis.

Norsk Bergindustri meiner at dumping av avfall i norske fjordar er ein føresetnad for å kunne drive med mineralutvinning i Noreg. Venstre er ueinig i dette. Sanninga er at Noreg er blant dei yttarst få land i verda — fire, for å vere presis – som framleis gjev løyve til dumping av gruveavfall i sjø. Dei tre andre er Tyrkia, Indonesia og Papua Ny Guinea. Tyrkia stengjer sitt siste deponi om nokre år. Indonesia har innført eit forbod mot nye avfallsplassar til sjøs. Papua Ny Guinea diskuterer det same. Noreg er åleine i verda om å ville opne for meir.

Venstre meiner at vi bør nyttiggjere oss av mineralressursane på ein mykje betre måte. Mineralar er ikkje-fornybare ressursar. Overskotsmassane er i utgangspunktet ikkje miljøfarleg avfall, tvert om. Det blir dei først når dei vert dumpa der dei ikkje høyrer heime: i norske fjordar. Massar kan brukast som fyllmasse til vegar og andre anleggsområde, til betong- og mursteinproduksjon, til keramiske produkt, eller til forbetring av jord, for å nemne noko.

I dei tilfelle der ikkje all overskotsmasse kan brukast alternativt, kan og bør massane deponerast tilbake i gruvegongane under drift. Dette kallast for tilbakefylling eller indre deponi, og internasjonalt vert denne miljøvennlege metoden mykje nytta. Også den norske mineralstrategien krev indre deponi, men per i dag vert ikkje dette følgt godt nok opp frå norske myndigheiter. Difor må vi no auke presset på gruveselskapa som driv i Noreg. Vi trenger incentiv som gjere det lønsamt å bruke overskotsmassane og føre tilbake resterande massar til gruvene. Vi treng eit juridisk og økonomisk rammeverk som sikrar alternativ bruk av gruveavgang.

Venstre er positive til norsk gruvedrift. Mineralnæringa er i seg sjølv arealkrevjande, og det å drive ei gruve gjev inngrep i naturen. Difor er det viktig å ha ein ansvarleg gruveindustri som har strenge miljøkrav for å avgrense inngrepa til det som er absolutt naudsynt. Etablering av ei mineralnæring i Noreg må baserast på det same krav som eit samla Storting har stilt ovanfor petroleumsverksemd; nullutslepp til sjø. Verda treng mineral, men ikkje til ein kvar pris. Gruveindustrien skal ikkje lenger få lov til å forsøple laksefjordane våre. Dette må Stortinget ta ansvar for

Kronikken stod på trykk i Firda, 22.09.2014

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**