GRUNNGJEVE SPØRSMÅL TIL ORDFØRAREN

Kristian Stråmyr (V) stiller grunngjeve spørsmål til Ordføraren om tilhøva ved idrettsbygget ved Søvik Skule i kommunestyret torsdag 18. september.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Venstre vil ha ny kultur- og idrettshall i Søvika

Foto: Svein Skibnes arkitektkontor

Haram Venstre er kjent med at idrettsbygget ved Søvik skule er lite og i dårlig teknisk stand. Bygget står ikkje i stil med den flotte nye skulen, og ein rapport utført av Kystlab frå 2013 viser at det er dårleg inneklima og alt for lang etterklang i salen. Der står mellom anna:

«Resultatene for CO2 var i en kort periode over normen på maks 1000 ppm. Med tanke på elevantall og det korte tidsrommet salen var i bruk, så tyder resultatet på at ventilasjonssystemet ikke er tilfredsstillende. Resultatet for relativ luftfuktighet er også langt over den anbefalte grense for vinterhalvåret på 40 %. Temperaturen er opp mot en grad over den anbefalte temperaturgrense for vinterhalvåret på 22˚C.»

I tilstandsrapporten for Søvik skule frå 2012 syner rektor til at dei slit med dårlig luftkvalitet og temperaruren i bygget som er kaldt om vinteren og svært varmt om sommaren.

Vi er kjent med at Norborg il har jobba for at det skal bli ein ny idretts- og kulturhall i Søvik, og har laga eit kostnadsoverslag for dette i 2012 på 35 millionar kroner. Dei vil at tippemidlar, lokale bidragsytarar og kommunen deler kostnaden likt mellom seg, slik at kommunen då dekker berre 1/3 av byggekostnaden.

På bakgrunn av dette har vi to spørsmål til Ordføraren:

Kva gjer kommunen for at inneklimaet i idrettsbygget skal bli betre?
Korleis stiller ordføraren seg til å bygge ein idretts- og kulturhall i Søvik?

Kristian Stråmyr
Haram Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**